Tilskot til revisjon av læremiddel på nynorsk og/eller omsetjing av læremiddel til nynorsk

Kompetanse Noreg lyser ut midlar til revisjon og omsetjing av læremiddel. Søknadsfristen er 25. november 2019.

Læremidla skal vere i tråd med Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Søknadsfrist er 25. november 2019.

Total ramme for tildeling av tilskot er 400 000 kroner.

Kompetanse Noreg prioriterer innkomne søknader etter ei heilskapsvurdering dersom omsøkt sum er høgare enn årets ramme.

Om ordninga

Mål

Tilskotsordninga skal sørgje for at det blir utvikla, produsert og gjort tilgjengeleg læremiddel på begge målformer innanfor opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar der det ikkje er grunnlag for kommersiell utgiving.

1.1 Tilskotsmottakar

Tilskotsmottakar er forlag og andre som produserer læremiddel.

Bakgrunn for kunngjeringa

Stortinget løyver kvart år midlar til utvikling og produksjon av læremiddel i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Satsingsområde

1. Arbeidsretting av norskopplæringa

Revidere/komplettere eit eksisterande læremiddel, eller deler av eit læremiddel på nynorsk, eller omsetje eit eksisterande læremiddel frå bokmål til nynorsk, som tilrettelegg for god arbeidsretting av norskopplæringa.

2. Frå nivå A1 til A2

Revidere/komplettere eit eksisterande læremiddel eller deler av eit læremiddel på nynorsk, eller omsetje eit eksisterande læremiddel frå bokmål til nynorsk, som tilrettelegg for utvikling av språkdugleikane frå nivå A1 til nivå A2. Læremiddel som føreset bruka av digitale medium hos deltakarane blir vurderte som særleg aktuelle. Hovudmålgruppe er deltakarar på spor 2.

For begge satsingsområda gjeld følgjande: Læremidla skal vere fleksible, differensierte og tilrettelagte for individuell tilpassing.

2 Forma til læremidla

Læremidla er trykt læringsressurs, digital læringsressurs, eller ein kombinasjon av trykte og digitale komponentar.

3 Faglege, pedagogiske og formelle krav til læremidla og prosjektgjennomføringa

Søknadene vil bli vurderte mot følgjande kriterium:

3.1 Overordna prinsipp

a) Læremidlane byggjer på gjeldande læreplan.

b) Læremidlane er bygde på ein berande idé, som er grunna fagleg og pedagogisk.

c) Læremidlane skal vere tilgjengelege for - og kunne skaffast av både lærarar og deltakarar.

d) Læremidlane er utforma i samsvar med likestillingslova § 7: «I skule og annan undervisningsinstitusjon skal læremiddel som nyttast, byggje på likestilling mellom kjønna.»

e) Søkjar skal, utan vederlag, sørgje for at trykkeriet overlèt det digitale manuset til statlege produsentar av tilrettelagde utgåver til synshemma, lesehemma og høyrselshemma. Innhaldet i det digitale manuset må vere identisk med den endelege utgåva og kome i ei utgåve og eit format som kan omarbeidast med pc-/Mac. Det digitale manuset må vere strukturert, og uthevingar, overskrifter mv. må vere identifiserte med kodar. Eit eigna format er eit lågoppløyst PDF eller XML

3.2 Organisering av prosjektet

a) Denne kompetansen må vere til stades i tilskotsmottakar si prosjektgruppe:

  • Fagleg
  • Pedagogisk
  • Læremiddelkompetanse, som også omfattar digitale læringsressursar

b) Det skal vere ei klar rollefordeling i prosjektet, særleg med omsyn til underleverandørar, f.eks. rettshavar av bilete, og det skal utarbeidast intensjonsavtalar med samarbeidspartar (skal leggjast ved).

c) Tilskotsmottakar skal etablere ei referansegruppe.

d) Tilskotssmottakar skal inngå intensjonsavtalar med skuleeigarar/skular for å prøve ut læremiddelet i utviklingsperioden.

3.3 Læremiddelet sitt innhald og funksjonar

a) Læremiddelet er motiverande, engasjerande og aktiviserande og leggjer til rette for tilpassa opplæring.

b) Læremiddeltet inkluderer ei lærarrettleiing.

c) Digitale komponentar må utviklast med tanke på enkel oppdatering og implementering i nye læremiddelprosjekt. Testing av teknisk (syntaks for utveksling av data), semantisk (semje om omgrep og tyding) og organisatorisk (koordinering av forretningsprosessar) interoperabilitet skal dokumenterast.

Digitale komponentar:

  • skal vere nettbasert
  • skal ha ei brukarrettleiing
  • skal ha høve til interaktiv oppgåveløysing med tilbakemelding på oppgåver og skal tilfredsstille krava til universell utforming som skildra i WCAG 2.0. http://wcag.difi.no/

3.4 Oppfølging

  • Søkjar skal sørgje for drift og vedlikehald av digitale komponentar i minst fem år frå dei er gjorde tilgjengelege.
  • Søkjar skal sørgje for at trykte komponentar blir tilboden marknaden i minst fem år.

3.5 Informasjonsansvar

  • Søkjar må ha ein plan for distribusjon og marknadsføring
  • Det er ønskjeleg at det blir utvikla ein demoversjon av læremiddelet. Det skal gjennomførast kurs for lærarar etter ferdigstilling av læremiddelet. Dette blir føresett dekt av tilskotsmottakar utanom tilskotsmidlar, og plan for kursinga skal vere tydeleg i søknaden.
  • Det skal vere eit budsjett for både utviklings-, drifts- og vedlikehaldsfasen. Eigeninnsats og eventuell gjenbruk skal synleggjerast.

4. Utbetaling av tilskotet

Det skal vere eit budsjett for både utviklings-, drifts- og vedlikehaldsfasen. Tilskotet blir utbetalt i terminar som blir fastsette i tilskotsbrevet.

5. Rapportering

I tilskotsbrevet vil det bli stilt krav til rapportering både kva gjeld det faglege og rekneskapet.

6. Tidsfristar for å ferdigstille prosjekt for tilskotsmottakarar

Læremiddelet må vere ferdigstilt og gjort tilgjengeleg for brukarane i samsvar med prosjektomtalen.

7. Krav til innhaldet i søknaden

Søknaden skal utførast skriftleg av ein person som har fullmakt til å binde verksemda. Privatpersonar som ikkje er registrerte i einskapsregisteret, har ikkje høve til å søkje.

Søknaden skal som eit minimum innehalde:

a) Søkjarens namn, adresse, telefonnummer og organisasjonsnummer, bankkontonummer og e-postadresse.

b) Kontaktperson for prosjektet

c) Opplysningar om prosjektet inkludert tittel, utgivingsform og ferdigstillingsdato

d) Prosjektomtale, som skal innehalde:

  • omtale av prosjektet med løysingsforslag i samsvar med dei faglege, pedagogiske og formelle krava som er stilte ovanfor. Sjå punkt 3. (gjeld berre for søknader om midlar til utvikling av nytt læremiddel eller ein større revisjon av eksisterande læremiddel)
  • Utgreiing av korleis krava til læremiddelet og prosjektgjennomføringa vil bli oppfylte, jf. punkt 3.
  • Totalkostnad på prosjektet, inkludert eventuelle offentlege avgifter, søknadssum og utsalspris
  •  Vedlegg (jf. søknadsskjema pkt. 6). Kompetanse Noreg vil ved behov innhente ytterlegare dokumentasjon.

Søknadsfrist

Last ned søknadsskjema (Word)

Søknad om tilskot skal sendast Kompetanse Noreg innan 25.11.19 på e-post til postmottak@kompetansenorge.no eller i papirformat til Kompetanse Noreg, Postboks 236 Sentrum, 0103 Oslo

Kontakt Sissel Vollan for nærmare opplysningar på telefon 23 38 13 51 eller på e-post, sissel.vollan@kompetansenorge.no