Frå 2021 er tilskotsordninga for studieforbund delt mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet. Kompetanse Noreg forvaltar framleis heile tilskotsordninga.
Studieforbund som primært rettar verksemda si mot utdannings- og kompetansepolitiske mål, vil få tilskotsmiddel frå Kunnskapsdepartementet. Desse er Studieforbund Folkeuniversitetet, Studieforbund AOF Noreg, Studieforbundet Næring og Samfunn og Akademisk studieforbund.
Studieforbund som primært rettar verksemda si mot frivillighetspolitiske og kulturpolitiske mål, vil få tilskotsmiddel frå Kulturdepartementet. Desse er Studieforbundet Kultur og Tradisjon, Studieforbundet Natur og Miljø, Studieforbundet Funkis, Studieforbundet Solidaritet, Idrettens studieforbund, Kristelig studieforbund, Musikkens studieforbund, Samisk studieforbund, Venstres studieforbund og Senterpartiets studieforbund.
For 2021 er det samla tilskotet til studieforbund under Kulturdepartementet 153 000 000 kroner (kapittel 315 i statsbudsjettet), og 68 920 000 kroner til studieforbund under Kunnskapsdepartementet (kapittel 254 i statsbudsjettet).
Tildelinga til dei 14 studieforbunda i 2021 blir fastset på bakgrunn av gjennomsnittlege studietimetal for 2018 og 2019. Studieforbund sender rapportering om aktivitet til Kompetanse Noreg kvart år.
Malar for rapportering
Statistikk
Sjå statistikk for studieforbund i statistikkbanken.
Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar
Stortinget vedtar samla tilskot til Voksenopplæringsforbundet (Vofo) og Fleksibel utdanning Norge (FuN). Tilskotet blir utbetalt av Kompetanse Noreg.
For 2021 er tilskotet til Voksenopplæringsforbundet (Vofo) 10 000 000 kroner (kapittel 315 i statsbudsjettet) og Fleksibel utdanning Norge (FuN) 3 510 000 kroner (kapittel 254 i statsbudsjettet).