Regelverk

Lover, forskrifter og rundskriv om regelverket for realkompetanse.

Grunnskole

Vaksne som har rett til grunnskoleopplæring, har også rett til realkompetansevurdering. Det betyr at den enkelte sin realkompetanse blir vurdert mot læreplanverket i grunnskolen, og eventuelle godkjente fag blir dokumentert i vitnemål frå grunnskolen.

Realkompetansevurdering på grunnskolen sitt område er kommunane sitt ansvar. Det er mogeleg å søkje opptak til vidaregåande opplæring utan vitnemål frå grunnskolen. Da er det fylkeskommunen som vurderer grunnlaget for opptak.

Utdanningsdirektoratet har ansvar for tolking av lovar og forskrifter innan grunnopplæringa.

Rett til realkompetansevurdering i grunnskolen er regulert i opplæringslova § 4A-1 og forskrift til opplæringslova §4-13.

Meir informasjon finst på Utdanningsdirektoratet sine nettsider om realkompetansevurdering i grunnskolen.

Vidaregåande opplæring

Vaksne over 25 år utan fullført vidaregåande opplæring har rett til vidaregåande opplæring og rett til å bli realkompetansevurdert. Retten til realkompetansevurdering gjeld både for dei som ønskjer opplæring, og for dei som berre ønskjer å få dokumentert kompetansen sin.

Realkompetanse skal vurderast mot ein læreplan i vidaregåande opplæring.

Dei som blir realkompetansevurderte, har rett til å få utstedt kompetansebevis eller vitnemål etter gjennomførd vurdering. Kompetansebeviset skal vise kva delar av læreplanen som er godkjent, men ikkje innehalde opplysningar om dei delane av læreplanen som ikkje er godkjent.

Vaksne som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, kan få realkompetansevurdering dersom dei er viste frå offentlege instansar som kommune eller Nav. Fylkeskommunen og den instansen som viser, må avtale seg i mellom kven som skal dekkje kostnadane til realkompetansevurderinga.

Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring og som ikkje er vist av annan offentleg instans, kan søkje fylkeskommunen om å få vurdert realkompetansen sin. Fylkeskommunen avtaler i så fall pris for realkompetansevurderinga med den enkelte vaksne.

I vidaregåande opplæring gir dokumentert realkompetanse rett til eit opplæringstilbod som er tilpassa kompetansen til den enkelte.

Utdanningsdirektoratet har ansvar for tolking av lovar og forskrifter innan grunnopplæringa. Rett til realkompetansevurdering er regulert i opplæringslova § 4A-3. Fortolkning av loven er presisert gjennom Utdanningsdirektoratets rundskriv 2-2008.

Sjå også Utdanningsdirektoratet sine nettsider om realkompetansevurdering i vidaregåande opplæring.

Fagskole

Fagskoleutdanning byggjer på vidaregåande opplæring. Det er mogeleg å søkje opptak til fagskolar utan bestått vidaregåande opplæring dersom ein har opparbeidt tilsvarande realkompetanse. Søkjar må da ha ein alder tilsvarande fullført vidaregåande opplæring, som vanlegvis betyr 19 år eller eldre.

Rett til realkompetansevurdering i fagskolen er regulert i fagskoleloven.

Fagskolane fastset sjølv kriterium for opptak basert på realkompetanse. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har utarbeidt retningslinjer for fagskolane som angir nokre framgangsmåtar for realkompetansevurdering.

NOKUTs retningslinjer for fagskoleutdanning (pdf)

Høgskole og universitet

Vaksne over 25 år utan generell studiekompetanse kan søkje om opptak til universitets- og høgskoleutdanning på bakgrunn av realkompetansen sin. Høgskolen eller universitetet vurderer realkompetansen mot institusjonen sine studieplanar.

Godkjent opptak på bakgrunn av realkompetanse på ein høgskole eller eit universitet gjeld berre den høgskolen eller det universitetet som har godkjent realkompetansen, og berre det faget eller den studieretninga det er søkt opptak til.

Personar som har fått plass på eit studium på bakgrunn av realkompetanse og har bestått studiet, oppnår generell studiekompetanse. Studiet må ha ei lengd på minst eitt år eller tilsvarande 60 studiepoeng.

Alle som har fått plass i høgare utdanning, har rett til å søkje om fritak frå delar av utdanninga på bakgrunn av realkompetanse. Studenten må sjølv søkje om fritak direkte til studiestaden.

Samordna opptak kan gi mer informasjon.

Sjå også universitets- og høyskoleloven.

Arbeidslivet

Hovudavtalen mellom LO og NHO peiker på at det er viktig å ha eit system for dokumentasjon av erfaringa til den enkelte, kurs og praksis relaterte til arbeidsforholdet. Sjå Hovedavtalens § 16-4.

I lønnsoppgjeret for kommunal sektor i 2008 blei partane einige om å kartleggje formal- og realkompetanse i kommunesektoren. Det blei forventa at kommunar og fylkeskommunar skal ha ordningar for dokumentasjon av realkompetanse som kan brukast i lokale lønnsforhandlingar.

Frivillig sektor

Studieforbunda, nettskolane og folkehøgskolane er pålagde å utstede dokumentasjon til deltakarane etter gjennomførd opplæring/kurs. Opplæring i studieforbund og nettskolar er regulert av voksenopplæringsloven.