Samfunnskunnskapsprøven

Kommunen du bur i, bestemmer når prøvestadene arrangerer samfunnskunnskapsprøven.

Du finn ut når neste samfunnskunnskapsprøve er ved å gå inn i påmeldingsportalen. Finn fylket ditt og prøvestaden din for å sjå datoen for prøven.

Det er veldig viktig at du fullfører påmeldinga. Du er ikkje påmeld til prøven før du har valt korleis du vil betale, og har fått ei stadfesting på sms og epost.

Har ikkje prøvestaden sett opp prøvedato? Då kontaktar du prøvestaden for å få vite når neste prøvedato blir.

Du finn kontaktinformasjonen til prøvestaden der du finn prøvedatoane.

Skal du melde deg på samfunnskunnskapsprøven?