Norskprøven

Kva er norskprøven?

Norskprøven har fire delar:

  • leseprøve (75 minutt)
  • lytteprøve (25–50 minutt)
  • prøve i skriftleg framstilling (90 minutt på A1–A2 og A2–B1, 120 minutt på B1–B2)
  • munnleg prøve (20–30 minutt)

Leseprøven og lytteprøven er adaptive. Det vil seie at oppgåvene på prøvane tilpassar seg det språklege nivået du er på.

Kor mange oppgåver du får, varierer ut frå svara du gir. Jo fleire rette svar du har, desto fleire og vanskelegare oppgåver får du. Lytteprøven vil bli lengre når du svarer rett på fleire spørsmål.

Prøve i skriftleg framstilling er ein skriftleg prøve. Du får oppgåver som du skal skrive svar til. Du må velje nivå A1–A2, nivå A2–B1 eller nivå B1–B2 når du melder deg på.

Den munnlege prøven har ein samtaledel og ein individuell del. Du må velje nivå A1–A2, nivå A2–B1 eller nivå B1–B2 når du melder deg på.

Vil du vite korleis prøvane blir vurderte, kan du sjå nokre vurderingsskjema her:

Vurderingsskjema – skriftleg (bokmål, pdf)
Vurderingsskjema – munnleg (bokmål, pdf)

Ønsker du å øve på prøvene? (eksempeloppgaver)

Kva slags nivå skal du velje?

Du må velje nivå A1–A2, nivå A2–B1 eller nivå B1–B2 når du melder deg på den munnlege prøven og prøven i skriftleg framstilling. Du treng ikkje velje nivå når du skal ta leseprøven eller lytteprøven.

Du kan få hjelp til å velje nivå. Du kan òg spørje læraren din på prøvestaden. 

Eit av krava for opptak til høgare utdanning i Noreg er dokumenterte ferdigheiter i norsk på nivå B2 for alle delprøvar.

Norskprøven måler språkferdigheieter på nivå A1, A2, B1 og B2.

Til delprøven i skriftleg framstilling og til delprøven i munnleg kommunikasjon melder du deg opp til ein prøve på nivå A1–A2, A2–B1 eller B1–B2. Eigenvurdering og vurderingsskjema kan vere til hjelp for å velje riktig prøve.

Dette er ei enkel forklaring på kva nivåa betyr:

A1

Du kan forstå og bruke kjende, daglegdagse ord og uttrykk. Du kan delta i ein samtale på ein enkel måte dersom samtalepartnaren snakkar langsamt og tydeleg og hjelper deg.

A2

Du kan delta i enkle samtalar om vanlege og praktiske aktivitetar som du kjenner. Du kan lese og forstå korte, enkle tekstar knytte til arbeidet ditt. Du kan skrive korte, enkle meldingar og fortelje om opplevingar og hendingar med enkle frasar og setningar.

B1

Du kan forstå hovudpunkta i klar tekst og tale om kjende emne som du ofte møter i samband med arbeid, skule og fritid. Du kan klare deg i dei fleste situasjonar som kan oppstå, og kan skrive enkle tekstar om kjende emne og kort forklare og grunngi meiningar og planar.

B2

Du kan forstå hovudinnhaldet i komplekse eller akademiske tekstar, også faglege drøftingar innanfor ditt eige fagområde og kan delta i samtalar med eit relativt spontant og flytande språk, og du kan skrive klare, detaljerte og argumenterande tekstar om eit vidt spekter av emne.

Kva må eg gjere for å få betre resultat?

For å nå eit høgare nivå, må du forbetre språket på mange måtar:

  • Du må kunne bruke språket meir fleksibelt og meir presist, i fleire (uvant) situasjonar, og om fleire emne.
  • På høgare nivå forstår ein talespråk også når det er bakgrunnslyd eller fleire som snakkar samtidig. Ein kan lese lange tekstar, også når strukturen ikkje er så klar.

Ein lærar kan forklare og gi råd om kva du skal gjere for å bli enda betre og kome til neste nivå.

  • Norskprøve 2 svarer til nivå A2
  • Norskprøve 3 svarer til nivå B1
  • Språkprøven (før sep. 2005) svarer til nivå B1
  • Nivå B2 gir grunnlag for opptak til høgare utdanning

Prøven kan tilpassast eller leggjast til rette på ulike måtar. Du kan justere lyden på høyretelefonane og skriftstorleiken i prøveteksten på datamaskina du bruker på prøvestaden. Det treng du ikkje å søkje om på førehand. Du kan bruke eksempelprøvane for å finne ut korleis dette verkar, på førehand.

Om du ikkje har gode nok leseferdigheiter, kan du søkje om å få ta ein tilrettelagd prøve for synshemma eller teiknspråkbrukarar.

Har du syns- eller høyrselshemmingar, må du søkje prøvestaden om å få ta ein tilrettelagd prøve for blinde, synshemma eller teiknspråkbrukarar.

«Prøve for teiknspråkbrukarar» finn du meir informasjon og eksempelprøvar.

Dersom du har dysleksi, talevanskar eller traumeproblematikk, kan du òg ha rett til å få tilrettelagt prøven.

Du må kontakte prøvestaden din så raskt som mogleg, og seinast tre dagar etter at du melde deg på prøven.

Du må ha ei erklæring frå lege, psykolog, PP-teneste eller logoped. Denne legg du ved søknaden om tilrettelegging.

Tilrettelegging kan til dømes vere at du får ekstra tid, at du får sitje på eit eige rom når du skal ta prøven, eller at du får ta prøven munnleg.

Juks

Du kan ikkje bruke nokon hjelpemiddel under prøven. Bruk av hjelpemiddel eller forsøk på dette blir rekna som juks. Her er nokre døme på juks:

  • bruk av internett, elektroniske hjelpemiddel, smartbriller, smartklokke og mobiltelefon
  • bruk av andre dataprogram enn prøvesystemet (til dømes Word, Notisblokk)
  • kopiering av heile eller delar av svaret frå andre
  • bruk av falsk legitimasjon
  • bruk av ordbok eller notat
  • kommunikasjon med andre enn dei tilsette ved prøvestaden mens prøven blir gjennomført

Juks eller forsøk på juks kan føre til

  • at du må forlate lokalet
  • at du ikkje får prøvebevis for nokon av delprøvane du har teke i denne prøveperioden (gjeld skriftleg og munnleg norskprøve)
  • at du må vente ett år før du kan ta prøven på nytt
  • at du må betale for prøven neste gong du tek han

Arbeidet ditt under delprøven i skriftleg framstilling vil bli loggført.

Vi kan finne ut at du juksar, både under prøven, etter prøven og når vi rettar prøven.

Dersom du blir teken for å jukse, får du eit vedtak om dette. Du kan klage på vedtaket til kommunen.

Plagiat/kopiering

Tekstane du skriv på delprøven i skriftleg framstilling, skal vere ditt eige arbeid.

Kopiering og plagiat er ikkje lov.

Det er plagiat dersom du bruker heile eller delar av andre sine tekstar, til dømes henta frå internett, lærebøker eller medelevar, og lèt som det er din eigen tekst. Det gjeld óg om du har lært deg tekst utanatt og brukar det i prøven din. Dersom du blir teken i plagiat, får du ikkje resultat på delprøven.

Forfalsking av prøvebevis

Forfalsking av prøvebevis er rekna som dokumentforfalsking og vil bli meldt til politiet.