80 prosent klarte Statsborgarprøva i 2018

Resultata for heile landet viser at 80 prosent av kandidatane bestod Statsborgarprøva i 2018.

Biletet viser ein lærar som underviser ein innvandrar i norsk.

I løpet av 2018 var det totalt 6 367 personar som tok Statsborgarprøva. Nokre personar har teke prøva meir enn ein gong, og det er variasjonar i resultata mellom fylka og kommunane (sjå tabell).

 Resultata på landsbasis held seg jamt over gode, seier Gina Lund, direktør i Kompetanse Noreg.

Digital kunnskapsprøve

Stortinget har bestemt at Statsborgarprøva er ei kunnskapsprøve som tek utgangspunkt i læreplanen for opplæring i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Prøva måler ikkje graden av integrering hos kandidatane.

Statsborgarprøva er digital og varer i 60 minutt. Kandidatane kan også få  spørsmåla lest opp ved hjelp av ei lydfil. Prøva inneheld 32 oppgåver, og ein må svare riktig på 24 av spørsmåla for å få bestått.

For å få norsk statsborgarskap blei det frå 1. januar 2017 innført eit krav om å bestå ei prøve i samfunnskunnskap på norsk, eller å ta Statsborgarprøva på bokmål eller nynorsk.

Resultata på Statsborgarprøva i 2018 fordelt på fylke

Fylke

Tal kandidatar

Prosentdel bestått

Prosentdel ikkje bestått

Akershus

690

85 %

15 %

Aust-Agder

91

78 %

22 %

Buskerud

374

84 %

16 %

Finnmark

205

73 %

27 %

Hedmark

201

84 %

16 %

Hordaland

456

83 %

17 %

Møre og Romsdal

229

79 %

21 %

Nordland

280

73 %

27 %

Oppland

154

76 %

24 %

Oslo

1 095

81 %

19 %

Rogaland

624

80 %

20 %

Sogn og Fjordane

142

71 %

29 %

Telemark

491

82 %

18 %

Troms

202

78 %

22 %

Trøndelag

350

73 %

27 %

Vest-Agder

196

70 %

30 %

Vestfold

126

75 %

25 %

Østfold

461

83 %

17 %

Heile landet

6 367

80 %

20 %

Meir informasjon

  • Pris på prøva blir bestemt av dei kommunale prøvestadane, men er basert på sjølvkostprinsippet. Prisen for å ta prøva finn ein ved å gå inn på privatistportalen.

  • For å førebu seg til prøva, finn kandidatane tekstar og filmar som dekker pensum til Statsborgarprøva (og samfunnskunnskapsprøva) på samfunnskunnskap.no. Dei kan også øve seg ved å ta eksempeloppgåvene til Statsborgarprøva som ligg på www.kompetansenorge.no/statsborgerproven.

  • UDI: Krav til norsk statsborgarskap, på UDIs nettsider.