Sikrar kompetansen for framtida med nytt bransjeprogram

Partane i arbeidslivet har signert ein avtale om eit felles bransjeprogram om kompetanse i industri og byggjenæringa, og i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Jørgen Leegård fra BNL, Carla Botten-Verboven fra Norsk Industri, Per Skau fra Fellesforbundet, Lizzie Ruud Torkhildsen fra Delta, Kari Sollien fra Akademikerne, Eli Gunhild By fra Norsk sykepleierforbund, Sissel Skoghaug fra Fagforbundet, Tor Arne Gangsø fra KS  og kunnskapsminister Jan Tore Sanner
Jørgen Leegård fra BNL, Carla Botten-Verboven fra Norsk Industri, Per Skau fra Fellesforbundet, Lizzie Ruud Torkhildsen fra Delta, Kari Sollien fra Akademikerne, Eli Gunhild By fra Norsk sykepleierforbund, Sissel Skoghaug fra Fagforbundet, Tor Arne Gangsø fra KS og kunnskapsminister Jan Tore Sanner

Det nye avtalen har ein verdi på 30 millionar kroner og skal fordelast på dei to ulike bransjeprogramma. Partane i arbeidslivet skal føreslå innhald og tema i nye opplærings- eller utdanningstilbod, basert på dei utfordringane dei møter i sin kvardag. Partane vil også bidra med å rekruttere pilotverksemder som kan delta i programmet.

– Dette er ein etterlengta avtale. Innan industri- og byggjenæringa og innan helse- og omsorgssektoren går omstillinga raskt. No får arbeidstakarar i desse bransjane eit offentleg finansiert tilbod om kortare modular ved fagskulane. Dette vil gje dei naudsynt kompetanse til å handtere ny teknologi i framtida. Det nye bransjeprogrammet er eit viktig steg i riktig retning.

Bransjeprogramma er ei satsing på fleksible vidareutdanningstilbod basert på dei behova næringslivet har, seier direktør Gina Lund i Kompetanse Noreg.

God moglegheit for utdanning

Midlane er ein del av regjeringa si satsing på livslang læring. Målet er at oppstarten av dei fyrste tiltaka skal vere i gang allereie hausten 2019. Dette skal bidra til at fleire tilsette, både fagarbeidarar og dei utan fagutdanning, kan få tilbod om etter- og vidareutdanning. Det er viktig å få dette på plass, fordi det rettar seg mot ei gruppe arbeidstakarar som tradisjonelt deltek mindre i etter- og vidareutdanning enn ein del andre arbeidstakarar.

– Det at vi no får på plass eit samarbeid med partane i arbeidslivet om å utvikle og tilpasse eit tilbod som skal gjere det enklare å ta meir relevant utdanning, er heilt vesentleg dersom vi skal nå målet om at arbeidstakarar skal lære heile livet. Det er avgjerande viktig at partane i arbeidslivet og verksemder er med på å starte samarbeid med utdaningsstilbydarar som fagskular og vidaregåande skular, opplyser Lund.

Ordninga er mest retta mot fagskule og fagbrev i denne omgangen. Fagskule vil vere viktig for å få oppdatert kunnskap og også meir spesialisert kompetanse. Bransjeprogrammet kan også være ei fin moglegheit for ufaglærte til å få teke fagbrev.

Operativ rolle

– I det vidare arbeidet skal vi ha ei operativ rolle der vi blant anna skal fordele 30 millionar kroner til dei ulike aktørane som skal delta i programma. Den 15. februar skal partane i arbeidslivet leggje fram forslag til korleis dei ulike programma skal vere. Då blir det vår oppgåve å vurdere dei innkomne forslaga og levere vår vurdering til Kunnskapsdepartementet. Vi skal også sørgje for ei evaluering av denne ordninga, fortel Lund.

Styrkar samarbeidet

Kompetanse Noreg har lenge ynskja av å få på plass kortare og tilpassa fagskuleutdanningar.

– Vi har vore opptekne av å få korte og fleksible utdanningstilbod på ulike nivå. Det nye bransjeprogrammet styrkar samarbeidet mellom partane i arbeidslivet og utdanningstilbydarane, slik at vi får ein betre match mellom tilbod og etterspurnad når det gjeld kompetanse.