NOKUT-undersøking om kvalitet på fagskoleutdanninga

NOKUT ønsker å vite kor fornøgde fagskolestudentane er med kvaliteten på utdanninga si, og sender derfor ut spørjeskjema til om lag 3900 studentar ved 9 fagskolar rundt om i landet.

Ei viktig målsetting med barometeret er å gi fagskolane nyttig informasjon som dei kan bruke i internt kvalitetsarbeid, og å utvikle ein kunnskapsbase som NOKUT og andre styresmakter kan bruke for å styrke arbeidet med kvalitetsutvikling i fagskolesektoren. «Dette er også eit viktig kvalitetsutviklande tiltak som blir foreslått i Meld. St. 9 «Fagfolk for framtida»», seier Terje Mørland, direktør i NOKUT.

Undersøkinga er ein pilot og bygger på Studiebarometeret som allereie er utvikla for studentar på høgskolar og universitet. I løpet av våren 2018 reknar NOKUT med å gjennomføre ei fullskala undersøking blant fagskolestudentane.

Les meir på www.nokut.no