Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner på kompetanseturné

«Skal vi sikre at ingen går ut på dato, og sluttar i jobben på grunn av manglande kompetanse, må vi legge til rette for at alle kan bygge kompetanse og lære heile livet», seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner. I dag la han ut på ein kompetanseturné, der formålet er å høyre erfaringar og samle innspel til korleis ein kan sikre at fleire står i jobb lenger.

Våren 2020 skal regjeringa legge fram ei stortingsmelding "Lære hele livet" -   kompetansereforma. I haust skal regjeringa derfor ut på ein eigen kompetanseturné og arrangere innspelsmøter over heile landet. Målet er at aktørar i arbeidslivet – frå både arbeidsgivar og arbeidstakar, til utdanningsinstitusjonar og lokalt næringsliv – skal bidra med si kunnskap og erfaring knytta til kompetanspåfyll i arbeidslivet.

Dei ulike innspelsmøtane vil ha kvart sitt tema, og kvart møte vil og ta for seg regionale utfordringar. Det er planlagt møter i Gjøvik, Mo i Rana, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Bergen og Trondheim.