Metodisk rettleiing – videoar om munnleg opplæring

Videoane er ein del av metodisk rettleiing for vaksne innvandrarar – munnleg opplæring. Rettleiinga presenterer ulike øvingar, og nokre av desse er filma.

Finn ein partnar

  • Alle deltakarane går ut på golvet og finn ein partnar.
  • Læraren gir deltakarane ei samtaleoppgåve.
  • Para snakkar saman i eit par minuttar.
  • Så klappar læraren i hendene, og alle skiftar partnar.

Deltakarane kan ha same tema, eller dei kan byta tema etter eit par partnarskift. I staden for å klappa kan læraren rekkja handa i vêret når tida er ute. Etter kvart som deltakarane merkar at læraren har handa i vêret, sluttar dei å snakka og gjer det same. Når alle er stille, får dei instruks om å finna ein ny samtalepartnar og eventuelt eit nytt tema.

Linja

Deltakarane skal stilla seg på ei linje og finna plassen sin ved å stilla spørsmål til dei andre og sjølve svara på spørsmål.

Når deltakarane har stilt opp etter til dømes kor lenge dei har budd i Noreg, eller kor mykje dei trenar i veka, blir dei som står ved sida av kvarandre, samtalepartnarar (to–fire personar). Læraren kan velja om ho vil ha grupper der det er fleire som har liknande erfaring, eller om dei skal ha mest mogleg ulik erfaring. Når ein «brettar» Linja, kjem dei med ulik erfaring i same gruppe.

Raske Robin

Deltakarane jobbar i par og seier eit ord eller ei setning kvar innanfor eit tema / antonym / synonym / grammatisk kategori. Så skiftar dei partnar og gjer det same ein gong til. Tempo er viktig, og dei kan byta partnar så mange gonger som det er naturleg ut frå oppgåva.

Ressurshjørnet

Deltakarane stiller seg i ulike delar av klasserommet ut frå «inndelingsfaktoren» til læraren. Deltakarane diskuterer, snakkar om kvifor dei har plassert seg der dei har, finn til dømes argument for eller imot eit tema, samtalar om temaet og brukar vokabularet dei har øvd på.

Gruppene kan fortelja om eller presentera for kvarandre det dei har snakka om i ressurshjørna, i ein plenumsdiskusjon eller i ei gruppeutsegn.

Variant: Ressurspersonar utgjer ressurshjørna, og dei andre deltakarane går rundt og samlar informasjon frå ressurspersonane.

Adhocgrupper med øvinga Ressurshjørne

Dersom ein definerer at fire hjørne har fire ulike emne, kan dei personane som kan noko om desse emna, eller dei som har lyst til å læra noko om desse emna, gå til dei ulike hjørna.

I kvart hjørne kan det også vera ressurspersonar. Tre–fire personar i klassen som har særleg kunnskap om eit emne, kan vera ressursar i kvart sitt hjørne. Resten av klassen vel det «hjørnet» dei har lyst til å læra meir om. Deltakarane i ei gruppe kan òg gå til kvar sin ressursperson og deretter tilbake til gruppa for å formidla til dei andre det dei har fått med seg, eller dei kan rotera fritt og snakka med alle ressurspersonane.

Rundt bordet

Fire–fem deltakarar sit rundt kvart bord. Læraren stiller eit spørsmål som kan ha mange svar, til dømes: Kva veit du om ...? Kva ser du på biletet? Kva slags møblar har du i stova? Kva har du lært i dag? Eller spørsmåla kan dreia seg om dagar, månader, tal, ordenstal og så vidare.

Start på ulik plass – til dømes baklengs eller annankvar.

Kvar deltakar svarar etter tur rundt bordet. Dei som ikkje kjem på noko, seier pass og ventar til neste runde. Tempo er viktig.

Smultring

Deltakarane står i to ringar – den eine utanfor den andre – og to og to med andletet mot kvarandre. Læraren gir dei ei oppgåve. Når dei har svart på oppgåva, gir læraren den ytste sirkelen instruksjonar om å bevega seg til høgre eller venstre til neste deltakar eller forbi så og så mange deltakarar.

Øvinga kan brukast til å snakka om dagens tema og til å trena på vokabular, grammatiske strukturar eller diskusjonsoppgåver.