ALL-undersøkinga

430 000 vaksne i Noreg manglar tilstrekkelege ferdigheiter i lesing eller talforståing til å meistre utfordringane i arbeids- og samfunnslivet. Mange av desse opplever ikkje sjølv at dei har eit opplæringsbehov og risikerer å falle utanfor ved omstillingar.

Talet er eit forsiktig anslag basert på OECD sin internasjonale ALL-undersøking (Adult Literacy and Life Skills) kor Noreg deltok i 2003.
 
Undersøkinga måler voksane sin lese- og talforståing på fem nivå. Sjølv om Noreg gjorde det ganske bra samanlikna med andre land, er det likevel ein stor del av den vaksne befolkning som har for dårleg basiskompetanse.

Noreg sitt anslag av risiko

Ifølgje OECD er krava til basiskompetanse i dagens samfunn så høge at ein bør meistre oppgåver minst på nivå 3. Dei norske forskarane bak undersøkinga vurderer at risikogruppa bør omfatte vaksne som er på nivå 1 i minst ein av skalaene for lese- eller talforståing. Denne gruppa utgjer ca. 430 000 vaksne i Noreg, fleire med kort utdanning.
 

Utdjupande rapportar

Lesesenteret i Stavanger har publisert ei rekkje rapportar som går i djupet på ulike funn frå ALL-undersøkinga:

Svake leseferdigheiter er tredje viktigaste årsak til å støtast ute frå arbeidslivet. Når alder og helse blir haldne utanfor, er det fire gongar så stor sannsyn for at personar på det lågaste nivået for leseferdigheit er utanfor arbeidslivet samanlikna med dei beste lesarane. Les meir i rapporten Kan arbeidslivet satse på seniorane?

Lese- og talforståing aukar arbeidstakarane sin produktivitet og sjanse for eit godt betalt jobb. Samtidig fører deltaking i arbeidslivet til at ferdigheiter blir vedlikehalden og vidareutvikla. Les rapporten Lese- og talforståing.

Ni prosent av arbeidstakarane har eit stort sprik mellom krav og faktiske ferdigheiter når det gjeld rekning/talforståing. Berre fire prosent av desse meiner sjølv at dei ikkje har gode nok ferdigheiter. Tala er henta frå rapporten Hvis jobben krev det.

Rapporten På lik linje?  tek opp vaksne si meistring av matematikk i dagliglivet. Spesiell uro er knytt til unge og vaksne som fungerer på det svakaste nivået på skalaen.