Forberedt for fag

Ein ny rapport fra NIFU viser at mange av kursdeltakarane som hadde vore lenge i same jobb, og hadde såleis nok praksis frå jobben sin til å kunna ta fagbrev som praksiskandidat. Nokre deltakarar hadde allereie eit fagbrev frå før, men omlegging i arbeidslivet eller skifte av yrke kan gjere at dei treng eit nytt fagbrev.

Dette er NIFU si evaluering av Kompetanse Noreg si utprøving av fagopplæring i Kompetansepluss arbeid. Kompetansepluss arbeid er eit program har som mål å gi arbeidstakarar med lave grunnleggjande ferdigheter ei moglegheit til å auke kompetansen sin. Denne evalueringa gjeld ei utviding av Kompetanspluss arbeid der det blir opna for å jobbe systematisk mot å oppnå fagbrev gjennom praksiskandidatordninga.

Prøveordninga gjev eit tilbod til dei som vanlegvis ikkje har fått så mykje tilbod om opplæring tidlegare. Deltakarane får styrka grunnlaget for å ta fagbrev når dei får kombinert opplæring i grunnleggjande ferdigheiter med fagopplæring. 

Last ned rapporten Forberedt for fag (pdf)