Analysemetodar for digital kompetanse

Korleis måle digital kompetanse?

Det er ei utfordring å måle befolkninga sin digitale kompetanse gjennom ei spørjeundersøking. Blant anna er det ein del metodiske utfordringar knytte til å nytte eigenvurdering som metode. Det ikkje enkelt å bedømme eigen kompetanse, og svara vil også variere i forhold til kven ein samanliknar seg med når ein svarer.

Derfor er respondentane spurde om erfaring framfor korleis dei sjølv opplever at dei meistrar ein bestemt prosess. Undersøkinga er altså basert på ei meining om at mye erfaring med ein konkret ikt-prosess fører til at brukaren i kraft av eiga erfaring blir ein betre brukar. Dette inneber at erfaring og kompetanse blir likestilte i denne analysen.

Kompetanse Noreg sine undersøkingar om digital kompetanse

I 2007 gjennomførde Kompetanse Noreg for første gong ei representativ undersøking om digital kompetanse i den norske befolkninga (Gravdahl og Guthu, 2008). I 2009 gjennomførde Kompetanse Noreg ei liknande undersøking av innvandrarar i Noreg (Guthu og Holm, 2010). I 2010 blei det gjennomførd ei ny undersøking av den norske befolkninga og den digitale kompetansen deira. Formålet var å sjå om kompetansenivået har endra seg sidan 2007.

Kva er digitale ferdigheiter?

Digital kompetanse er i alle desse undersøkingane operasjonalisert og definerte som summen av ulike digitale ferdigheiter. Undersøkinga tek utgangspunkt i Educational Testing Service (ETS) sitt arbeid i 2001 der eit internasjonalt panel så på verdien av gjeldande og nye informasjons- og kommunikasjonsteknologiar, og korleis ulike ferdigheiter kunne kategoriserast (Teknologisk Institut, 2007). ETS skilte mellom kognitive og tekniske ferdigheiter.


Kognitive ferdigheiter omfattar dei fundamentale ferdigheitene som lesing, skriving, rekning og problemløysing, mens dei tekniske ferdigheitene blant anna omfattar ferdigheiter knytt til bruk avhardware, software, applikasjonar og nettverk. Ifølgje ETS sin definisjon av digital kompetanse må ein kunne integrere både kognitive og tekniske ferdigheiter for å vere ein fullverdig brukar. Sida 2008 har Vox utvikla undersøkinga til å måle fleire digitale ferdigheiter etter kvart som ny teknologi har kome til.

Frå enkeltferdigheiter til digital kompetanse

I undersøkinga blir digital kompetanse målt innanfor åtte ulike ikt-område, som er operasjonalisert gjennom 40 spørsmål om digitale ferdigheiter.

Dei åtte områda er:
  • definere informasjonsbehov
  • tilgjenge til informasjon
  • teknologisk sjølvhjelpt
  • handtere informasjon
  • evaluere informasjon/netttryggleik
  • integrere informasjon
  • kommunikasjon og formidling
  • skape ny informasjon

Figur 1 viser kva ferdigheiter som fangar opp kvart ikt-område. Metoden som blir nytta i undersøkinga er ikkje ein test, men ei sjølvevaluering. Respondentane blir spurde om kva erfaring dei har med vanlege ikt-bruk og bruksområde. For kvart av dei 40 måla i ferdigheiter blir respondentane bedte om å svare på ein skala frå 0 til 3, der

  • 0 er «Inga erfaring»
  • 1 er «Avgrensa erfaring»
  • 2 er «Ei viss erfaring»
  • 3 er «Stor erfaring»

I berekninga av kompetansenivå tel kvart av måla i ferdigheit like mykje. For eksempel får ein like høy skår for å kunne sende og motta e-post som ein får for å kunne opprette ei eiga heimeside på Internett. Svarskalaen blir omgjord til ein ikt-skår som går frå 0 til 100. Gjennomsnittet av alle ferdigheiter utgjer respondenten sitt kompetansenivå. Figur 1 illustrerer samanhengen mellom skår og nivå.
På bakgrunn av scoren blir befolkninga delt inn i fire ulike nivå av ikt-brukere: «ikkje-brukarar», «svake brukarar», «middels gode brukarar» og «sterke brukarar».

Figur 1. Beskriving av nivåinndelinga

Figuren viser at nivå 1 er svake brukere, nivå 2 er middels gode brukere og nivå 3 er sterke brukere
 
Tabell 1 viser alle 40 ferdigheiter som blir nytta for å måle digital kompetanse og kven av dei åtte ikt-områda dei er meinte å fange opp.
 

Tabell 1: Digital kompetanse operasjonalisert gjennom 40 ferdigheiter fordelt på åtte ikt-område

IKT-områder Mål av ferdigheit / spørsmål til respondentane.
Kor mykje erfaring har du med:
Definere informasjonsbehov 
Å bruke ikt til å identifisere og definere eit informasjonsbehov
å finne fram informasjon i samanheng med innkjøp, reiser, kontakt med dei offentlege eller andre liknande oppgåver
Tilgjenge til informasjon
Å vite korleis og kor ein kan finne og samle informasjon ved hjelp av ikt



å bruke Google, Yahoo eller andre søkjemotorar på Internett
å finne andre stadar på Internett som har informasjon du treng
å få oversikt og kunne navigere på ei heimeside
å finne bestemt informasjon du treng på dei offentlege myndigheitene sine heimesider
å finne informasjon på heimesider med eit anna språk enn norsk
Teknologisk sjølvhjelpt
Å gjennomføre teknologiske operasjoner selvstendig






å opprette ei eiga e-postadresse
å installere program på datamaskinen
å bruke program frå CD-rom eller DVD
å bruke antivirusprogrammer
å opne programmer på datamaskinen
å overføre bilete frå eit digitalt kamera til datamaskinen
å opprette ein eigen digital signatur, f.eks. bank-id
å opprette di eiga heimeside
Handtere informasjon
Å sortere og organisere informasjon


å velje ut informasjon du har bruk for på Internett
å organisere og lagre filer på datamaskinen slik at du lett finn dei igjen
å organisere informasjon f.eks. ved å lage lister eller tabellar
å flytte tal frå rekneark til eit anna program eller omvendt
Evaluere informasjon/netttryggleik
Å vurdere informasjonen sin kvalitet og kva som er trygt å leggje ut på nett
å vurdere om informasjonen du finn på Internett, er gammal, einsidig eller lite truverdig
å vurdere kva slags informasjon det er trygt å leggje ut på Facebook, chatterom eller andre nettstadar
Integrere informasjon
Å fortolke, summere og samanlikne informasjon gjennom forskjellige former for presentasjonar


å skrive, redigere og flytte tekst i tekstbehandling
å bruke stavekontroll eller ordbøker
å kunne setje inn bilete eller symbol i tekstbehandling
å setje inn og redigere tabellar i tekstbehandling
å bruke teikne- eller grafikkprogram som f.eks. PowerPoint

Kommunikasjon og formidling
Å formidle og utveksle informasjon og kunnskap ved hjelp av ikt














å sende eller motta SMS / MMS frå ein mobiltelefon
å kople deg til Internett på mobiltelefonen
å sende eller motta e-post
å sende dokument som vedlegg til e-post
å bruke e-post eller kalender for å organisere og avtale møte
å bestille eller kjøpe billettar over Internett
å taste inn opplysningar i ulike web-skjema som, f.eks. strømavlesning
å kjøpe eller selje varer via norske nettsider
å kjøpe eller selje varer via ikkje-norskspråklege nettsider
å bruke IP-telefoni eller Skype
å bruke digital signatur, f.eks. bank-id
å delta i eit nettsamfunn som f.eks facebook eller twitter
å lese og/eller kommentere ein blogg
å delta i samarbeids- og prosjektgrupper på nettet
Skape ny informasjon
Å skape og presentere ny informasjon ved hjelp av ikt
å kunne setje saman informasjon du har funne, slik at den kan presenterast for andre
 

Litteraturliste

B. Gravdahl og L. K. Guthu (2008).  Borger og bruker, Vox.
L. K. Guthu og S. Holm (2010). Innvandrere på nett, Vox.
Teknologisk Institut, (2007). Borgernes IKT-færdigheder i Danmark, Teknologisk Institut.