Søknadsfrist: 4. desember 2020.
Opplæringssenteret må ha solid erfaring med å gje opplæring i norsk for vaksne innvandrarar på nynorsk, og må stille til disposisjon ein eller fleire som kan vere ressurspersonar i fagleg-pedagogiske spørsmål knytt til bruk av nynorsk i norskopplæringa.
Oppgåver
Vaksenopplæringssenteret vil få ansvar for å vere kompetansesenter når det gjeld rettleiing for kommunar som har gått over eller vil gå over til å gje norskopplæring på nynorsk. Senteret vil òg få ansvar for å finne ein eller fleire personar som kan ta på seg denne funksjonen.
Utlysinga er knytt til Mål 4 i tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet 2020, Økt deltakelse blant innvandrere i arbeids- og samfunnsliv.
Vaksenopplæringssenteret må ha erfaring med å gje opplæring på alle spor og nivå (frå alfabetisering til nivå B2). Senteret skal bidra med rettleiing og råd til andre senter som nettopp har starta eller vurderer å starte med å gje opplæring på nynorsk. Det kan innebere å besøke andre senter eller å ta imot besøk på eige senter, inkludert besøk i klasserommet, for å sjå i praksis korleis opplæringa kan gå føre seg.
Sentrale problemstillingar vil vere korleis opplæringa kan tilretteleggjast på dei ulike spora og nivåa, inkludert den fyrste lese- og skriveopplæringa.
Nettverksbygging på dette feltet vil også vere ei sentral oppgåve for kompetansesenteret.
Økonomisk ramme og rapportering
Tilkotsramme: inntil kr 100 000,-
Midlane vil bli tildelt for eitt år, frå januar til desember 2021.
Det skal rapporterast på bruk av midlane.
Krav til innhald i søknaden
Søknaden frå vaksenopplæringssenteret skal innehalde følgjande informasjon:
- Kva for erfaring senteret har med å drive opplæring på nynorsk
- Kva for kompetanse den/dei aktuelle lærarane har
- Ein plan for korleis leiar ved senteret ser føre seg at midlane skal nyttast, inkludert eit budsjett
- Erfaring med denne typen rettleiing
Søknad og frist
Vi ber om at søknaden blir merkt «Kompetansesenter nynorsk».
Send søknaden til postmottak@kompetansenorge.no med kopi til sissel.vollan@kompetansenorge.no innan 4. desember 2020.
Dersom du har spørsmål vedrørande utlysinga, kan du kontakte Sissel Vollan.