Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.
Søknadsfrist: 19. november 2019
Opplæringssenteret må ha erfaring med å gje opplæring i norsk for vaksne innvandrarar på nynorsk, og må stille til disposisjon ein eller fleire som kan vere ressurspersonar i fagleg-pedagogiske spørsmål knytt til bruk av nynorsk i norskopplæringa.
Oppgåver
Vaksenopplæringssenteret vil få ansvar for å vere kompetansesenter når det gjeld rettleiing for kommunar som har gått over eller vil gå over til å gje norskopplæring på nynorsk. Senteret vil òg få ansvar for å finne ein eller fleire personar som kan ta på seg denne funksjonen.
Utlysinga er knytt til Mål 4 i tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet 2019, Økt deltakelse blant innvandrere i arbeids- og samfunnsliv, der det blant anna står: «Kompetanse Norge har et særskilt ansvar for faglig og pedagogisk utvikling av opplæringen i norsk og samfunnskunnskap». Vi viser òg til det som står om bruk av midlar for kap.292 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere Post 21: Dei skal nyttast «til å utvikle kompetanse, metoder og læringsressurser for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere.»
Vaksenopplæringssenteret må ha erfaring med å gje opplæring på alle spor og nivå (frå alfabetisering til nivå B2). Senteret skal bidra med rettleiing og råd til andre senter som nettopp har starta eller vurderer å starte med å gje opplæring på nynorsk. Det kan innebere å besøke andre senter eller å ta imot besøk på eige senter, inkludert besøk i klasserommet, for å sjå i praksis korleis opplæringa kan gå føre seg.
Sentrale problemstillingar vil vere korleis opplæringa kan tilretteleggjast på dei ulike spora og nivåa, inkludert den fyrste lese- og skriveopplæringa.
Økonomisk ramme og rapportering
Tilskotsramme: inntil kr. 100 000,-
Midlane vil bli tildelt for eitt år, frå januar til desember 2020.
Det skal rapporterast på bruk av midlane.
Krav til innhald i søknaden
Søknaden frå vaksenopplæringssenteret skal innehalde følgjande informasjon:
- Kva for erfaring senteret har med å drive opplæring på nynorsk
- Kva for kompetanse den/dei aktuelle lærarane har
- Ein plan for korleis leiar ved senteret ser føre seg at midlane skal nyttast, inkludert eit budsjett
- Erfaring med denne typen rettleiing
Søknad og frist
Vi ber om at søknaden blir merkt «Kompetansesenter nynorsk».
Send søknaden til postmottak@kompetansenorge.no med kopi til sissel.vollan@kompetansenorge.no innan 19. november.
Søknaden kan òg sendast i papirformat til Kompetanse Noreg, Pb 236, 0103 Oslo.
Dersom du har spørsmål vedrørande utlysinga, kan du kontakte Sissel Vollan.