Tilskot til studieforbund og vaksenopplæringsorganisasjonar

Kompetanse Noreg forvaltar tilskott til studieforbund og vaksenopplæringsorganisasjonar.

Tildelinga til dei 14 studieforbunda i 2019 blir fastsett på bakgrunn av gjennomsnittleg studietimetal for 2016 og 2017.

For 2019 er det samla tilskotet til studieforbunda 214 524 000 kroner (kapittel 254 i statsbudsjettet). Studieforbunda sender rapportering om aktivitet til Kompetanse Noreg kvart år.

Malar for rapportering

Statistikk

Sjå statistikk for studieforbund i statistikkbanken.

Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

Stortinget vedtar samla tilskot til Voksenopplæringsforbundet (Vofo) og Fleksibel utdanning Norge (FuN). Kompetanse Noreg vedtar fordelinga av tilskottet mellom dei to organisasjonane. Tilskotet blir utbetalt av Kompetanse Noreg.

For 2019 er det samla tilskotet til vaksenopplæringsorganisasjonane 13 864 000 (kapittel 254 i statsbudsjettet).