Samfunnskunnskapsprøva

Informasjon til vaksne innvandrarar om samfunnskunnskapsprøva.

Påmelding

Dersom du har rett til gratis opplæring i samfunnskunnskap, må du kontakte vaksenopplæringssenteret der du bur for å melde deg opp til gratis prøve.

Dersom du ikkje har rett til gratis opplæring i samfunnskunnskap eller du har teke prøva før, kan du melde deg opp til prøva her.

Er du usikker på om du har rett til gratis opplæring i samfunnskunnskap? Sjå reglar om rett og plikt til opplæring på IMDI sine nettsider.

Prøva skal avslutte opplæring i 50 timar samfunnskunnskap. På samfunnskunnskap.no finn du tekstar og filmar som dekkjer pensum til faget.

Prøva varer i maksimalt 60 minutt. Prøva skal vere på eit språk du forstår godt. Du får 38 spørsmål med tre svaralternativ, der berre eitt svar er rett. Du må ha minst 29 riktige svar for å klare prøva. Du kan ta prøva på eit av desse språka:

  • albansk
  • amharisk
  • arabisk
  • bosnisk
  • burmesisk
  • dari
  • engelsk
  • fransk
  • kinesisk (mandarin)
  • kroatisk
  • kurdisk (sorani)
  • norsk (bokmål og nynorsk)
  • pastho
  • persisk (farsi)
  • portugisisk
  • russisk
  • serbisk
  • somali
  • spansk
  • swahili
  • tagalog
  • tamil
  • thai
  • tigrinja
  • tyrkisk
  • uigur
  • urdu
  • vietnamesisk

For språka arabisk, dari, somali, sorani, tigrinja, fransk og engelsk kan du få høyre spørsmåla opplesne ved hjelp av ei lydfil.

Dersom ikkje prøva er tilgjengeleg på eit språk du forstår godt, kan du søkje om å ta prøva munnleg eller ved hjelp av tolk. Du må sende søknaden til prøvestaden din.

Vi har laga eksempeloppgåver som viser korleis oppgåvene i prøva ser ut.

Tilrettelegging av prøva

Munnleg gjennomføring

Dersom ikkje du har gode nok leseferdigheiter, kan du søkje om å ta prøva munnleg. Du må søkje til kommunen der du bur, om å ta prøven munnleg innan tre kvardagar etter at du har meldt deg opp til prøven.

Syns- eller høyrslehemming

Dersom du har syns- eller høyrselhemmingar, må du søkje til prøvestaden din om tilrettelegging innan tre kvardagar etter at du har meldt deg opp til prøva. Dette gjeld også dersom du skal ta prøva munnleg på teiknspråk.

Anna tilrettelegging

Kandidatar med dysleksi, talevanskar eller traumeproblematikk kan også ha rett til tilrettelegging av prøven. Dersom du treng tilrettelegging av prøva, må du kontakte prøvestaden ditt seinast tre kvardagar etter at du har meldt deg opp.

Du må ha ei fråsegn frå lege, psykolog, pp-teneste eller logoped som du legg ved søknaden om tilrettelegging. Tilrettelegging kan for eksempel vere ekstra tid, at du får sitje på eit eige rom når du skal ta prøva, eller at du får ta prøva munnleg.

Kven må ta prøva?

  • Dersom du har fått eit opphaldsløyve som gir rett og plikt til opplæring i 50 timar samfunnskunnskap etter 1. september 2013, skal du avslutte opplæringa med ein prøve. Dersom du fekk eit opphaldsløyve som gir rett og plikt til opplæring før 1. september 2013, kan du velje om du vil ta prøva.
  • Dersom du har berre plikt eller berre rett til opplæring, kan du velje om du vil ta prøva.
  • Dersom du er i Noreg etter EØS-reglementet, kan du velje om du vil ta prøva.
  • Dersom du er asylsøkjar, kan du velje om du vil ta prøva.

Resultat og prøvebevis

Prøvebevis kjem i posten

  • Dersom du har spørsmål om prøvebeviset, må du ta kontakt med prøvestaden.
  • Hugs å skrive riktig adresse når du melder deg på prøven.
  • Du får ikkje vite resultata dine før du får prøvebeviset.

Kva resultat kan eg få, og når kjem prøvebeviset?

PrøveResultatPrøvebevis kommer i posten etter cirka:
Norskprøva* under A1, A1, A2, B1, B2 6–8 uker
Samfunnskunnskapsprøven bestått eller ikke bestått 2–4 uker
Statsborgerprøven bestått eller ikke bestått 2–4 uker

*På norskprøva kan du få forskjellige resultat på kvar av delane i prøva. Dersom du har tatt prøva fleire gonger, er det det beste resultatet du har fått som står på prøvebeviset.

Treng du nytt prøvebevis?

Dersom du tok ein prøve etter mars 2014 må du kontakte prøvestaden og be om kopi av prøvebeviset.

Dersom du tok ein prøve før mars 2014 kan du sende ein e-post til postmottak@kompetansenorge.nofor å få stadfesting på resultatet ditt. Du får svar innan tre veker. Vi har dessverre ikkje moglegheit til å sende ut nytt prøvebevis.

E-posten må innehalde:

  • namn (har du endra namn må du leggje ved dokumentasjon)
  • adresse
  • telefonnummer
  • e-postadresse
  • fødselsdato (ikkje send heile fødselsnummeret ditt, berre fødselsdato)
  • kva prøve du tokn
  • år og kor du tok prøven

Du kan ikkje bruke nokon hjelpemiddel under prøven. Bruk av hjelpemiddel eller forsøk på dette blir rekna som fusk.

Eksempel på fusk kan vere

  • bruk av internett, elektroniske hjelpemiddel eller mobiltelefon
  • bruk av andre dataprogram enn prøvesystemet (f.eks. Word, Notisblokk)
  • kopiering av heile eller delar av oppgåvesvara frå andre
  • bruk av falsk legitimasjon
  • bruk av ordbok eller medbringa notat
  • kommunikasjon med andre enn tilsette ved prøvestaden under prøvegjennomføringa

Fusk, eller forsøk på fusk, fører til at

  • du blir vist bort frå lokalet
  • du ikkje får prøvebevis for nokon av delprøvane du har teke i denne prøveperioden (dette gjeld både skriftleg og munnleg)
  • du ikkje kan ta prøva igjen før neste gjennomføring
  • du må betale prøveavgift når du skal ta prøven neste gong

Ditt arbeid under delprøve i skriftleg framstilling (norskprøven) vil bli loggført.

Fusk kan bli avdekt under prøven, etter prøven eller under sensurering av oppgåvesvara.

Dersom du blir teken eller mistenkt for å fuske, får du eit vedtak om dette. Du kan klage på vedtaket til kommunen.

Plagiat

Tekstane du skriv på delprøve i skriftleg framstilling (norskprøven) skal vere ditt eige arbeid. Plagiat er ikkje tillate. Dersom du har brukt heile eller deler av andre sine tekstar (for eksempel frå internett, lærebøker eller frå medelevar) og framstilt det som eige arbeid, blir dette vurdert som plagiat, og du får ikkje ei vurdering av delprøven.

Forfalsking av prøveprov

Forfalsking av prøveprov er rekna som dokumentforfalsking og blir politimeld.

Du kan ikkje klage på resultatet på prøva.

Du kan klage på formelle feil ved gjennomføring av prøva. Formelle feil kan for eksempel vere tekniske feil på prøvedagen som du meiner kan ha påverka resultatet ditt. Du må klage til prøvestaden. Klagefristen er tre veker etter at du tok prøva.

Kvar enkelt kommune fastset kva prøva skal koste. Dersom du har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, kan du ta prøva gratis éin gong. Dersom du vil ta prøva på nytt, eller dersom du ikkje har rett til gratis prøve, må du betale sjølv.