Kven gjer kva på realkompetansefeltet?

Oversikt over kven som har ansvar for realkompetanse innan forskjellige sektorar og kva dei ulike aktørane jobbar med.

Realkompetansevurdering blir tilboden i alle utdanningsnivå og ansvaret ligg til dei respektive ansvarlege instansane.

Kommunane

Kommunane har ansvar for å tilby og gjennomføre realkompetansevurdering inn mot læreplanar i grunnskolen. Ta kontakt med utdanningsdirektoratet for mer detaljar.

Fylkeskommunane

Fylkeskommunane har ansvar for å tilby og gjennomføre realkompetansevurdering inn mot læreplanar i vidaregåande opplæring. Alle fylkeskommunar har oppretta einingar som organiserer og gjennomfører vurderingane.

Utdanningsdirektoratet

Utdanningsdirektoratet har ansvar for realkompetansevurderinga i grunnopplæringa, det vil seie grunnskole og vidaregåande skole. Ansvaret inneber tolking og implementering av opplæringslova med forskrift og kvalitetssikring av tilbodet.

Fagskolen

Fagskolane har ansvar for gjennomføring av realkompetansevurdering mot opptak og fritak til fagskoleutdanning.

Universitet og høgskoler

Universitet og høgskoler har ansvar realkompetanevurdering opp mot eigne krav for opptak eller fritak. Institusjonane kan motta søknader om opptak direkte, eller frå Samordna opptak som sender innkomne realkompetansesøknadar frå det sentrale opptaket til institusjonen som er ført opp som førsteval.

Samordna opptak

Samordna opptak har ansvar for å motta og formidle søknadar i det sentraliserte opptaket til høgare utdanning, dette gjeld også realkompetansesøkjarar. Dei informerer om søknadsprosedyrar og krav til dokumentasjon for alle søkjarar og formildar relevante søknadsskjema. Samordna opptak og sender innkomne søknadar til søkte institusjon der sjølve realkompetansevurderinga skjer.

Kompetanse Noreg

Kompetanse Noreg koordinerer arbeidet frå nasjonalt hald. Vi har ansvar for å leggje til rette for samarbeid mellom dei ulike aktørane, halde oversikt over fagområdet nasjonalt og internasjonalt og forme kompetansepolitiske innspel.

Kontakt