Realkompetansevurdering i grunnskole og videregående

Vi har ansvar for veiledning, foredragsvirksomhet, arbeid med kompetanseheving og nettverksarbeid knyttet til realkompetansevurdering i grunnopplæringen. Utdanningsdirektoratet har ansvar for juridiske forvaltningsoppgaver og arbeid med læreplaner.

Realkompetansevurdering i opplæringslova og forskrift til opplæringslova

Realkompetansevurdering i grunnskole er omtalt blant annet i forskrift til opplæringslova § 4-13. 

Forskrift til opplæringslova
§ 4-13.Realkompetansevurdering

Vurderinga av realkompetansen til den vaksne skal gjerast i forhold til kompetansemåla i læreplanen for fag i læreplanverket. Vurderinga skal vise at realkompetanse er likeverdig med kompetansen som er oppnådd gjennom grunnskoleopplæringa eller vidaregåande opplæring. Det er ikkje mogleg å få godkjend fag i Vg3 i yrkesfaglege utdanningsprogram gjennom ei vurdering av realkompetansen som sluttvurdering.

Vurderinga skal vere godkjend eller ikkje godkjend realkompetanse i heile eller delar av faget.

Kommunen har ansvaret for vurderinga av realkompetanse i grunnskolen. Fylkeskommunen har ansvaret for vurderinga av realkompetanse i vidaregåande opplæring. Vurderinga skal utførast på forsvarleg grunnlag og utan ugrunna opphald. Kommunen og fylkeskommunen kan velje å gjennomføre vurderinga på andre språk enn norsk og samisk.

Realkompetansevurderinga er eit enkeltvedtak og kan påklagast til Fylkesmannen, jf. § 5-1.

Bruk av realkompetansevurdering til å avklare kva slags opplæring den vaksne har behov for er regulert i opplæringslova § 4A-3 og forskrift til opplæringslova § 6-46 og § 6-47.

Realkompetansevurdering i videregående opplæring er omtalt blant annet i opplæringslova §4 A-3 og forskrift til opplæringslova §§ 4-13 og 6-13. 

Opplæringslova
§ 4A-3.Rett til vidaregåande opplæring for vaksne

Dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring for vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg, har òg rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Opplæringa for vaksne skal tilpassast behovet til den enkelte. Retten kan oppfyllast mellom anna ved fjernundervisningstilbod. Departementet gir nærmare forskrifter, mellom anna om kven retten omfattar, om inntak, rangering og førerett.

Vaksne som er tekne inn til vidaregåande opplæring, har rett til å fullføre opplæringsløpet. Dette gjeld sjølv om dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter første leddet.

I fag der læreplanen føreset lengre opplæringstid enn tre år, har dei vaksne rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen.

Opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen har ansvaret for å halde vaksne som får vidaregåande opplæring, med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Vaksne som får vidaregåande opplæring, kan ikkje påleggjast å dekkje nokon del av utgiftene til dette utover det som følgjer av forskrift. Fylkeskommunen kan påleggje vaksne som får vidaregåande opplæring, å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Vaksne som har rett til vidaregåande opplæring har rett til vurdering av realkompetansen sin og til kompetansebevis. Personar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, skal få vurdert realkompetansen sin om dei blir vist til dette av kommune eller Arbeids- og velferdsetaten. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Fylkeskommunen skal gi kompetansebevis på grunnlag av realkompetansevurdering på vidaregåande opplærings nivå. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Den som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring som ein del av ungdomsretten etter § 3-1 første ledd, har etter søknad rett til eitt års påbygging til generell studiekompetanse. Det same gjeld andre som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring innan utgangen av det året dei fyller 24 år. Retten gjeld dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014, eller seinare. Retten kan takast ut når som helst etter fullført og bestått fag- og yrkesopplæring.

Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Vaksne som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, har likevel ikkje rett til opplæring etter denne paragrafen.

Henvisninger til realkompetansevurdering i opplæringslova:

Kapittel 4, Vidaregåande opplæring i bedrift
§ 4-1 Kven som er lærling, praksisbrevkandidat, lærekandidat og kandidat for fagbrev på jobb

Kapittel 4A, Opplæring spesielt organisert for vaksne
§ 4 A-3 Rett til vidaregåande opplæring for vaksne

Henvisninger til realkompetansevurdering i forskrift til opplæringslova:

Kapittel 3, Individuell vurdering i grunnskolen og i videregåande opplæring
§ 3-56 Samla krav til praksis for fag- eller sveineprøve for kandidatar for fagbrev på jobb

Kapittel 4, Individuell vurdering i grunnopplæring særskild organisert for vaksne
§ 4-3 Grunnlaget for vurdering i fag
§ 4-4 Karakterer i fag mv.
§ 4-13 Realkompetansevurdering
§ 4-31 Rett til dokumentasjon
§ 4-33a Kompetansebevis i grunnskolen
§ 4-36 Kompetansebevis
§ 4-37 Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis

Kapittel 5, Klage på vurdering
§ 5-1 Kva det kan klagast på
§ 5-3 Avgjerd i klagesaka
§ 5-4 Saksgangen ved klage
§ 5-5 Klagefristar
§ 5-15 Klage på realkompetansevurdering

Kapittel 6, Inntak til vidaregåande opplæring
§ 6-13 Vilkår for inntak til Vg1
§ 6-14 Rekkjefølgje ved inntak til Vg1
§ 6-21 Utrekning av poeng
§ 6-24 Søkjarar utan tallkarakterar eller uten sammenliknbart karaktergrunnlag
§ 6-46 Realkompetansevurdering av vaksne med rett til videregåande opplæring ved inntak
§ 6-48 Inntak av vakne utan rett

Kapittel 11, Særskilde reglar for fagopplæringa
§ 11-8 Generelt om godskriving

Rundskriv om opplæring for voksne

Opplæring på grunnskolens nivå tilpasset voksne, er omtalt i rundskriv fra Utdanningsdirektoratet:

Rundskriv om grunnskoleopplæring av voksne, Udir-3-2012

Tolking av regelverket finn du i rundskriv fra Utdanningsdirektoratet:
Rundskriv om voksnes rett til videregående opplæring

Merk at lov og forskrift er endret på enkelte punkt etter 2008.

Retningslinjer

Utdanningsdirektoratet har utarbeidet nasjonale retningslinjer for realkompetansevurdering i grunnskoleopplæring og videregående opplæring for voksne.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon til videregående opplæring og realkompetansevurdering i hvert fylke:

Disse vurderer realkompetanse i hvert fylke

Statistikk og publikasjoner

Nasjonal statistikk om realkompetansevurdering i grunnskole

Nasjonal statistikk om realkompetansevurdering i videregående opplæring

Se oversiktsside med statistikk og publikasjoner om realkompetanse fra Kompetanse Norge og andre aktører.

Informasjonsmateriell

Utdanningsdirektoratet har laget informasjonsmateriell om voksenopplæring og voksne sine rettigheter.

Informasjonsmateriell fra Utdanningsdirektoratet