Realkompetansevurdering i arbeidslivet

I hovudavtalen mellom LO og NHO oppmodar dei bedriftene til å ha eit system for å dokumentere realkompetanse. Dokumentasjon av realkompetanse frå arbeidslivet er også eit viktig grunnlag for realkompetansevurdering inn mot utdanning.

Realkompetansevurdering er trekt inn i nokre lokale lønnsforhandlingar, spesielt i kommunal sektor. I samband med lønnsoppgjeret for kommunal sektor i 2008 blei det semje om at kommunar og fylkeskommunar etablerte ordningar for dokumentasjon av realkompetanse som kunne brukast i lokale lønnsforhandlingar.

Rapporten Realkompetansevurdering – status og utfordringar 2011 gir en gjennomgang av litteratur om realkompetansevurdering i arbeidslivet.

Dokumentasjon

Dokumentasjon av kompetanse frå arbeidslivet kan vere attest frå arbeidsgivar eller eigenerklæringar som beskriv kompetansen som er opparbeidd på ein arbeidsplass, gjerne signert av arbeidsgivar. I tillegg kan attestar, kursbevis og cv gi nyttig oversikt over opparbeidt realkompetanse.

Eksempel på verktøy for å dokumentere eigen kompetanse

Statistikk og publikasjonar

Sjå oversiktsside med statistikk og publikasjonar om realkompetanse.