Prøver i norsk og samfunnskunnskap i koronatida

Her kan du, som kandidat, finne svar på spørsmål du har om gjennomføring av prøvane i norsk og samfunnskunnskap. Om du ikkje finn svaret på ditt spørsmål her, kan du ta kontakt direkte med prøvestaden di, eller vaksenopplæringa i din kommune.

Prøvestaden din er stengd dersom din kommune står under paragraf (§)16a, 17 eller 18 i Forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbrotet. (oppdatert 17.03.2021)

Kan eg få tilbake prøveavgifta om prøven er avlyst på grunn av koronatiltaka?

Prøvestaden informerer deg om du får pengane tilbake, eller om påmeldinga di blir flytt til neste prøveperiode.

Skal eg møte til prøve?

Du må sjølv vurdere om du er frisk nok til å møte opp for å ta prøven. Du kan lese meir om dette i Utdanningsdirektoratets smittevernrettleiar.

Skal eg ha munnbind på munnleg prøve? Korleis kan eg då sjå/forstå kva dei andre seier?

Dette er noko som prøvestaden fastset, men du bør ta med fleire munnbind i tilfelle.

Er det trygt med så mange på eitt stad?

Prøvestaden skal sørgje for at prøven er sett opp på ein trygg måte, og dei skal følgje den relevante råda og retningslinjene for prøvegjennomføringa.

Kan eg ta prøven på nett?

Nei. Alle kandidatar som skal gjennomføre prøvane i norsk eller samfunnskunnskap må møte fysisk i prøvelokalet.

Eg finn ikkje svaret til spørsmålet mitt. Kven kan eg spørje?

Om du ikkje finn svaret til spørsmål ditt her, kan du kontakte prøvestaden din direkte. Om du ikkje er oppmeld til prøve, men har nokre spørsmål, kan du kontakte vaksenopplæringa i din kommune.

Du finn kontaktinformasjonen til prøvestaden eller vaksenopplæringa på nettet.