Samfunnskunnskapsprøven

Prøven varer i maksimalt 1 time (60 minutt). Prøven skal vere på eit språk du forstår godt. Dersom du skal bruke prøven til å søkje om norsk statsborgarskap, må prøven vere på norsk.

Du får 38 spørsmål med tre svaralternativ. Berre eitt av svara er rett.

Du må ha minst 29 rette svar for å bestå prøven.

Du kan ta prøven på eit av desse språka:

  • albansk
  • amharisk
  • arabisk
  • bosnisk
  • burmesisk
  • dari
  • engelsk
  • fransk
  • kinesisk (mandarin)
  • kroatisk
  • kurdisk (sorani)
  • kurdisk (kurmanji)
  • norsk (bokmål og nynorsk)
  • pashto
  • persisk (farsi)
  • portugisisk
  • russisk
  • serbisk
  • somali
  • spansk
  • swahili
  • tagalog
  • tamil
  • thai
  • tigrinja
  • tyrkisk
  • uigur
  • urdu
  • vietnamesisk

Valg av språk

Du veljer ikkje språk når du melder deg på prøven. Du velger språk når du skal ta prøven på prøvestaden.

Vil du få spørsmåla lesne opp?

Du kan få spørsmåla lesne opp ved hjelp av ei lydfil på desse språka:

  • arabisk
  • dari
  • engelsk
  • fransk
  • norsk (bokmål og nynorsk)
  • pashto
  • somali
  • sorani
  • tigrinja
  • urdu

Dersom prøven ikkje er tilgjengeleg på eit språk du forstår godt, kan du søkje om å ta prøven munnleg eller ved hjelp av tolk. Du må sende søknaden til prøvestaden din.

Ønskjer du å øve på prøvene?

Dersom du ikkje har gode nok leseferdigheiter, kan du søkje om å ta prøven munnleg. Du treng ikkje erklæring frå lege eller liknande for å søkje om å gjennomføre prøven munnleg.

Dersom du har syns- eller høyrselshemming, må du kontakte prøvestaden og be om tilrettelegging. Det gjeld òg dersom du skal ta prøven munnleg på teiknspråk.

Dersom du har dysleksi, talevanskar eller traumeproblematikk, kan du òg ha rett til å få tilrettelagt prøven.

Du må kontakte prøvestaden din så raskt som mogleg, og seinast tre dagar etter at du melde deg på prøven.

Du må ha ei erklæring frå lege, psykolog, PP-teneste eller logoped. Denne legg du ved søknaden om tilrettelegging.

Tilrettelegging kan til dømes vere at du får ekstra tid, at du får sitje på eit eige rom når du skal ta prøven, eller at du får ta prøven munnleg.

Juks

Du kan ikkje bruke nokon hjelpemiddel under prøven. Bruk av hjelpemiddel eller forsøk på dette blir rekna som juks. Her er nokre døme på juks:

  • bruk av internett, elektroniske hjelpemiddel, smartbriller, smartklokke og mobiltelefon
  • bruk av andre dataprogram enn prøvesystemet (til dømes Word, Notisblokk)
  • kopiering av heile eller delar av svaret frå andre
  • bruk av falsk legitimasjon
  • bruk av ordbok eller notat
  • kommunikasjon med andre enn dei tilsette ved prøvestaden mens prøven blir gjennomført

Juks eller forsøk på juks kan føre til

  • at du må forlate lokalet
  • at du ikkje får prøvebevis for nokon av delprøvane du har teke i denne prøveperioden (gjeld skriftleg og munnleg norskprøve)
  • at du må vente ett år før du kan ta prøven på nytt
  • at du må betale for prøven neste gong du tek han

Arbeidet ditt under delprøven i skriftleg framstilling vil bli loggført.

Vi kan finne ut at du juksar, både under prøven, etter prøven og når vi rettar prøven.

Dersom du blir teken for å jukse, får du eit vedtak om dette. Du kan klage på vedtaket til kommunen.

Plagiat/kopiering

Tekstane du skriv på delprøven i skriftleg framstilling, skal vere ditt eige arbeid.

Kopiering og plagiat er ikkje lov.

Det er plagiat dersom du bruker heile eller delar av andre sine tekstar, til dømes henta frå internett, lærebøker eller medelevar, og lèt som det er din eigen tekst. Det gjeld óg om du har lært deg tekst utanatt og brukar det i prøven din. Dersom du blir teken i plagiat, får du ikkje resultat på delprøven.

Forfalsking av prøvebevis

Forfalsking av prøvebevis er rekna som dokumentforfalsking og vil bli meldt til politiet.