Samfunnskunnskapsprøven

Har du ikkje rett til gratis prøve? Då må du melde deg på prøven sjølv.

Inne i påmeldingsportalen finn du fylket ditt og prøvestadene som har sett opp datoar for prøvar. Vel den datoen som passar for deg og med deg på.

Klikk på lenka og meld deg på samfunnkunnskapsprøven

Prisen står i påmeldingsportalen. Påmeldinga er bindande.

Det er veldig viktig at du fullfører påmeldinga. Du er ikkje påmeld til prøven før du har valt korleis du vil betale, og har fått ei stadfesting på sms og e-post.

Les om korleis vi tar vare på ditt personvern (personvernerklæring)

Har ikkje prøvestaden sett opp ny prøvedato? Ta kontakt med prøvestaden for å få vite når den neste prøvedatoen blir.

Her finn du kontaktinformasjon til prøvestaden din.

Kva rettar har du?

Lurer du på om du har rett til gratis opplæring i samfunnskunnskap? Sjå reglar om rett og plikt til opplæring på nettsidene til IMDi.

Når kjem innkallinga til prøven?

Du vil få eit innkallingsbrev/-e-post frå prøvestaden seinast to veker før du skal ta prøven.

I brevet får du vite dato, klokkeslett og oppmøtestad. Det er vanleg at den skriftlege prøven og den munnlege prøven er på to forskjellige datoar.

Dersom du har spørsmål om datoen for prøven, må du kontakte prøvestaden.

Kva kostar prøven?

Det er kommunen som bestemmer kva prøven skal koste. Prisen kan variere mellom 300–1 100 kroner. Du finn prisane i påmeldingsportalen.

Du kan òg ta kontakt med prøvestaden for å få vite kva prøvane kostar.

Det er prøvestaden som har ansvaret for betalingen. Vanlege måtar å betale er med bankkort (i påmeldingsportalen), i nettbank, faktura eller etter avtale med prøvestaden. Påmeldinga er ikkje gyldig før betalingen er gjennomført.

Vil du melde deg av prøven?

Påmeldinga til prøven er bindande. Det vil seie at når du har meldt deg på prøven, må du betale for han sjølv om du ikkje kan ta han.

Dersom du har rett til éin gratis prøve, men ikkje kan ta prøven, må du betale for den neste prøven. Dersom du har sjukmelding, blir det rekna som gyldig fråvær, og du kan ta prøven seinare.

Du må ta kontakt med prøvestaden din for å melde deg av.

Statsborgarprøven og samfunnskunnskapsprøven har det same pensumet. Det ligg på www.samfunnskunnskap.no.

Statsborgarprøven har eit litt lågare språknivå på norsk enn samfunnskunnskapsprøven. Norsknivået på statsborgarprøven skal svare til nivå A2, mens norsknivået på samfunnskunnskapsprøven blir rekna som høgare enn A2.

Skal du søkje om statsborgarskap, må du bestå statsborgarprøven eller ta samfunnskunnskapsprøven på norsk.

Dersom du ønskjer å få oversikt over alle krava til statsborgarskap, kan du høyre med UDI.