Personvernerklæring for Kompetanse Noreg

Personvernerklæring ved gjennomføring av norskprøven, samfunnskunnskapsprøven og/eller statsborgarprøven.

1. Behandling av personopplysningar ved gjennomføring av norskprøven, samfunnskunnskapsprøven og/eller statsborgarprøven

Når du melder deg opp til og/eller tek norskprøven, samfunnskunnskapsprøven eller statsborgarprøven, behandlar vi personopplysningar om deg. Nedanfor finn du derfor informasjon om kva personopplysningar vi behandlar, kvifor vi behandlar personopplysningar, og kva rettar du har i samband med behandlinga av personopplysningane.

Behandlingsansvarleg er Kompetanse Noreg. Det vil seie at Kompetanse Noreg har ansvar for korleis personopplysningane dine blir behandla i Kompetanse Noreg.

2. Kvifor behandlar vi personopplysningar om deg?

Vi behandlar personopplysningar om deg, også sensitive personopplysningar, når det er nødvendig for å utføre oppgåver i samband med formålet vårt. Formålet vårt er å gi innvandrarar kunnskap og ferdigheiter til å kunne delta i det norske samfunnslivet og å gjennomføre prøvar for dokumentasjon av norskkunnskapar og samfunnskunnskap.

Dette gjer vi i samsvar med GDPR artikkel 6 nr. 1 e), introduksjonslova § 25 første ledd bokstavane b) og c) og forskrift om behandling av personopplysningar etter introduksjonsloven §§ 4, 5, 10 og 11. Når du skal ta ein prøve, har vi altså lovbestemt rett og plikt til å behandle dei personopplysningane om deg som går fram av lista ovanfor.

Vi hentar inn og bruker personopplysningane dine til å utføre desse oppgåvene:

  • kvalitetssikre og gjennomføre norskprøven, samfunnkunnskapsprøven og/eller statsborgarprøven
  • administrere prøvane hos prøvestaden
  • vareta retten din til å klage på vedtak som gir klagerett
  • utarbeide statistikk
  • skaffe fram data til forsking og analyse

Med grunnlag i introduksjonslova § 25 femte ledd blir det brukt automatiserte avgjerder for sensurering av lese- og lytteprøven i norsk, samfunnskunnskapsprøven og statsborgarprøven.

Dei tre prøvane består av fleirvalsoppgåver der berre eitt svaralternativ er rett. Kor mange rette svar ein må ha for å bestå prøven, og kva som er rette svar, er definert og programmert i prøvesystemet på førehand. Kandidaten får ei sluttvurdering i form av ein poengsum som viser kor mange svar som er rette. Kvart rett svar gir eitt poeng.

Det blir ikkje brukt automatiserte avgjerder ved sensurering av skriftlege og munnlege prøvar i norsk, då desse prøvane blir vurderte av fysiske eksaminatorar og sensorar.

Automatiserte avgjerder kan overvakast manuelt av Kompetanse Noreg. Dersom det ligg føre mistanke om eller forhold som tilseier at det kan ha skjedd tekniske eller andre feil, vil Kompetanse Noreg gå gjennom prøvesystemet og eventuelt prøveresultatet manuelt.

3. Kvar hentar vi personopplysningane frå?

Vi får personopplysningane både frå deg og frå andre offentlege myndigheiter. Desse offentlege myndigheitene er til dømes

  • Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)
  • Kommunane/prøvestadene
  • Fylkesmannen (ved klagebehandling i siste instans)
  • Utlendingsdirektoratet (UDI)
  • Kunnskapsdepartementet
  • Folkeregisteret

4. Kva personopplysningar om deg behandlar vi?

Vi samlar inn og behandlar desse personopplysningane om deg:

  • Namn
  • Adresse
  • Telefonnummer
  • E-post
  • Fødselsdato
  • Fødselsnummer
  • DUF-nummer
  • D-nummer
  • Passnummer
  • Kandidatnummer
  • Kjønn
  • Opphavsland
  • Morsmål
  • Undervisningsspor
  • Anteke nivå lesing/lytting
  • Prøvesvar
  • Prøveresultat
  • Prøvetype
  • Tidspunkt for prøvegjennomføring
  • Målform/språk på prøven
  • Prøvestad
  • Klage
  • Avvik
  • Fusk

5. Utlevering av personopplysningar til andre

Kompetanse Noreg utleverer ikkje personopplysningane dine til andre med mindre det ligg føre eit lovleg grunnlag for utlevering. Eit døme på slikt grunnlag kan vere ein lovheimel som pålegg oss å gi ut informasjonen.

For dei som har fødselsnummer, vil prøveresultat og tilhøyrande personopplysningar bli gjorde tilgjengelege via Vitnemålsportalen

Aktørar som Kompetanse Noreg har lovleg grunnlag for å utlevere personopplysningane dine til, er

  • Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)
  • Kommunane/prøvestadene
  • Fylkesmannen (ved klagebehandling i siste instans)
  • Statistisk sentralbyrå
  • Samordna opptak
  • Utlendingsdirektoratet (UDI)
  • Kunnskapsdepartementet
  • Høgare utdanningsinstitusjonar
  • Unit

Kompetanse Noreg bruker databehandlarar til å samle inn, lagre eller på annan måte behandle personopplysningar på vegner av oss. I slike tilfelle har vi inngått avtalar for å vareta informasjonstryggleiken i alle ledd av behandlinga. Per i dag bruker vi desse databehandlarane:

  • Enovate AS

All behandling av personopplysningar vi utfører, skjer innanfor EU/EØS-området.

6. Lagringstid

Vi lagrar personopplysningane dine hos oss så lenge det er nødvendig etter formåla i introduksjonslova § 25 første ledd. Forskrift om behandling av personopplysningar etter introduksjonsloven § 16 bestemmer at personopplysningar om person som tek prøvar, kan lagrast i inntil 20 år rekna frå tidspunktet då prøven blei teken. Derfor kan vi lagre personopplysningane dine i inntil 20 år. Etter det blir personopplysningane sletta.

7. Rettane dine når vi behandlar personopplysningar om deg

Du har rett til å krevje innsyn i og/eller få retta personopplysningane vi behandlar om deg. I visse tilfelle kan du òg krevje avgrensa behandling og reise motsegn mot behandlinga. Du kan lese meir om innhaldet i desse rettane på nettsida til Datatilsynet.

For å gjere bruk av rettane dine må du sende ein e-post til proveadministrasjon@kompetansenorge.no. Vi vil svare deg så fort vi kan, og seinast innan 30 dagar.

Vi kan komme til å be deg om å bekrefte identiteten din eller å gi oss meir informasjon før vi svarer. Det gjer vi for å vere sikre på at vi ikkje gir tilgang til personopplysningane dine til andre enn deg – altså ikkje til nokon som gir seg ut for å vere deg.

8. Personvernombod

Kompetanse Noreg har eit eige personvernombod. Personvernombod er Espen Bakjord, og e-postadressa hans er espen@vaar.law.

9. Klage

Dersom du meiner at vi har behandla personopplysningane dine på ein måte som ikkje stemmer med det vi har sagt her, eller at vi på andre måtar bryt personvernlovgivinga, kan du klage til Datatilsynet.

På nettsidene til Datatilsynet, finn du informasjon om korleis du kan kontakte Datatilsynet.

10. Endringar

Dersom det skulle skje endringar i tenestene våre eller i regelverket om behandling av personopplysningar, kan det medføre endringar i informasjonen du har fått her. Denne personvernerklæringa vil vere oppdatert og tilgjengeleg på nettsida vår.

11. Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjonen til Kompetanse Noreg er:
Adresse: Karl Johans gate 7, 0154 Oslo
E-post: proveadministrasjon@kompetansenorge.no
Telefon: 23 38 13 03
Organisasjonsnummer: 974 788 985

Dersom du har spørsmål om korleis vi behandlar personopplysningane dine, kan du sende e-post til proveadministrasjon@kompetansenorge.no.