Norskprøven måler språkferdigheiter på nivå A1, A2, B1 og B2.
Til delprøven i skriftleg framstilling og til delprøven i munnleg kommunikasjon melder du deg opp til ein prøve på nivå A1–A2, A2–B1 eller B1–B2. Eigenvurdering og vurderingsskjema kan vere til hjelp for å velje riktig prøve.
Dette er ei enkel forklaring på kva nivåa betyr:
A1
Du kan forstå og bruke kjende, daglegdagse ord og uttrykk. Du kan delta i ein samtale på ein enkel måte dersom samtalepartnaren snakkar langsamt og tydeleg og hjelper deg.
A2
Du kan delta i enkle samtalar om vanlege og praktiske aktivitetar som du kjenner. Du kan lese og forstå korte, enkle tekstar knytte til arbeidet ditt. Du kan skrive korte, enkle meldingar og fortelje om opplevingar og hendingar med enkle frasar og setningar.
B1
Du kan forstå hovudpunkta i klar tekst og tale om kjende emne som du ofte møter i samband med arbeid, skule og fritid. Du kan klare deg i dei fleste situasjonar som kan oppstå, og kan skrive enkle tekstar om kjende emne og kort forklare og grunngi meiningar og planar.
B2
Du kan forstå hovudinnhaldet i komplekse eller akademiske tekstar, også faglege drøftingar innanfor ditt eige fagområde og kan delta i samtalar med eit relativt spontant og flytande språk, og du kan skrive klare, detaljerte og argumenterande tekstar om eit vidt spekter av emne.
Kva må eg gjere for å få betre resultat?
For å nå eit høgare nivå, må du forbetre språket på mange måtar:
- Du må kunne bruke språket meir fleksibelt og meir presist, i fleire (uvant) situasjonar, og om fleire emne.
- På høgare nivå forstår ein talespråk også når det er bakgrunnslyd eller fleire som snakkar samtidig. Ein kan lese lange tekstar, også når strukturen ikkje er så klar.
Ein lærar kan forklare og gi råd om kva du skal gjere for å bli enda betre og kome til neste nivå.