Norskprøven

Her er nettressursar som du kan bruke til å øve deg i norsk:

Gratis ressursar for norskopplæring

Vil du vite korleis prøvane ser ut?

Her er nokre eksempeloppgåver som viser korleis prøvane ser ut. Dei testar ikkje kunnskapen din. Du får ikkje vite kva slags nivå du er på. Men du får vite kor månge oppgåver du svarer riktig på.

Du kan velge om du vil ta prøvane på bokmål eller nynorsk når du velger eksempeloppgåvene.

(Teksten til oppgåvene kjem snart på nynorsk)

Nivå A1-A2Nivå A2-B1Nivå B1-B2
Lytteforståelse
(A1–A2)
Lytteforståelse
(A2–B1)
Lytteforståelse
(B1–B2)
Leseforståelse
(A1–A2)
Leseforståelse
(A2–B1)
Leseforståelse
(B1–B2)
Skriftlig framstilling
(A1–A2)
Skriftlig framstilling
(A2–B1)
Skriftlig framstilling
(B1–B2)
Norsk tegnspråk for voksne innvandrere
(A1–A2)
Norsk tegnspråk for voksne innvandrere
(A2–B1)
 

Munnlege prøven: Sjå eksempeloppgåver på munnleg prøve (pdf).

Skriftleg: Eksemplar på svar med vurdering, skriftleg framstilling (pdf)

Norskprøven måler språkferdigheieter på nivå A1, A2, B1 og B2.

Til delprøven i skriftleg framstilling og til delprøven i munnleg kommunikasjon melder du deg opp til ein prøve på nivå A1–A2, A2–B1 eller B1–B2. Eigenvurdering og vurderingsskjema kan vere til hjelp for å velje riktig prøve.

Dette er ei enkel forklaring på kva nivåa betyr:

A1

Du kan forstå og bruke kjende, daglegdagse ord og uttrykk. Du kan delta i ein samtale på ein enkel måte dersom samtalepartnaren snakkar langsamt og tydeleg og hjelper deg.

A2

Du kan delta i enkle samtalar om vanlege og praktiske aktivitetar som du kjenner. Du kan lese og forstå korte, enkle tekstar knytte til arbeidet ditt. Du kan skrive korte, enkle meldingar og fortelje om opplevingar og hendingar med enkle frasar og setningar.

B1

Du kan forstå hovudpunkta i klar tekst og tale om kjende emne som du ofte møter i samband med arbeid, skule og fritid. Du kan klare deg i dei fleste situasjonar som kan oppstå, og kan skrive enkle tekstar om kjende emne og kort forklare og grunngi meiningar og planar.

B2

Du kan forstå hovudinnhaldet i komplekse eller akademiske tekstar, også faglege drøftingar innanfor ditt eige fagområde og kan delta i samtalar med eit relativt spontant og flytande språk, og du kan skrive klare, detaljerte og argumenterande tekstar om eit vidt spekter av emne.

Kva må eg gjere for å få betre resultat?

For å nå eit høgare nivå, må du forbetre språket på mange måtar:

  • Du må kunne bruke språket meir fleksibelt og meir presist, i fleire (uvant) situasjonar, og om fleire emne.
  • På høgare nivå forstår ein talespråk også når det er bakgrunnslyd eller fleire som snakkar samtidig. Ein kan lese lange tekstar, også når strukturen ikkje er så klar.

Ein lærar kan forklare og gi råd om kva du skal gjere for å bli enda betre og kome til neste nivå.