Norskprøven

Du kan melde deg på prøven om: 2 dagar

Du kan melde deg på prøven frå 26. august klokka 09:00 til og med 30. august klokka 23:59.

Påmeldinga opnar klokka 09:00. Det er lurt å melde seg på så tidleg som mogleg, for prøvestadene har ei avgrensa mengd plassar til prøven.

Meld deg på prøven

Du vel sjølv om du vil melde deg på alle delprøvane samtidig eller berre til éin av dei. Påmeldinga er bindande.

Det er veldig viktig at du fullfører påmeldinga. Du er ikkje påmeld til prøven før du har valt korleis du vil betale, og har fått ei stadfesting på sms og epost.

Du må skrive rett adresse når du melder deg på prøven. Dersom du har flytta og fått ny adresse, må du seie frå til prøvestaden.

Kven kan ta norskprøven?

Fleire prøvestader arrangerer prøven berre for innbyggjarane i sin eigen kommune.Høyrer du ikkje til i nokon kommune, eller bur du i utlandet? Då må du ta kontakt med ein prøvestad i ein kommune for å sjekke om du kan ta prøven hos dei. Det må du gjere FØR du melder deg på prøven.

Det er ingen prøvar som blir arrangerte i utlandet.

Når kjem innkallinga til prøven?

Du vil få eit innkallingsbrev/-e-post frå prøvestaden seinast to veker før du skal ta prøven.
I brevet får du vite dato, klokkeslett og oppmøtestad. Det er vanleg at den skriftlege prøven og den munnlege prøven er på to forskjellige datoar.

Dersom du har spørsmål om datoen for prøven, må du kontakte prøvestaden.

Kva kostar prøven?

Det er kommunen som bestemmer kva prøven skal koste. Prisen kan variere mellom 300,- og 2 200,- kroner. Du finn prisane i påmeldingsportalen.

Du kan òg ta kontakt med prøvestaden for å få vite kva prøvane kostar.

Det er prøvestaden som har ansvaret for betalingen. Vanlege måtar å betale er med bankkort (når du fyller ut skjemaet i påmeldingsportalen), i nettbank, faktura eller etter avtale med prøvestaden. Påmeldinga er ikkje gyldig før du har betalt.

Dersom du ikkje har rett til gratis opplæring, må du betale for prøven.
Tek du prøven på nytt, må du betale for han.

Du må melde deg opp til prøven sjølv. Det gjer du øverst på denne sida når påmeldinga er open.

Dersom du har rett og plikt til å delta i opplæring i norsk, kan du ta alle delprøvane gratis éin gong. Det er prøvestaden som melder deg opp til gratis prøve.

Vil du melde deg av prøven?

Påmeldinga til prøven er bindande. Det vil seie at når du har meldt deg på prøven, må du betale for han sjølv om du ikkje kan ta han.

Har du rett til éin gratis prøve, men ikkje kan ta prøven, må du betale for den neste prøven. Sjukmelding blir det rekna som gyldig fråvær, og du kan ta prøven seinare.

Du må ta kontakt med prøvestaden din for å melde deg av.