Norskprøven

Ønskjer du å klage på resultatet?

Du kan berre klage på resultatet på delprøven i skriftleg framstilling.

Når du klagar, kan du få det same resultat, eit dårlegare resultat eller eit betre resultat.

Du kan IKKJE klage på resultatet på leseprøven, lytteprøven eller den munnlege prøven.

For å klage på resultat norskprøven

delprøve skriftleg framstilling

Frist for å sende inn klage norskprøven haust blir fra 19. oktober til og med 16. november.

Når får du svar på klagen?

Det tek 4–6 veker før du får svar på klagen. Når det er mange klagar, kan det ta lengre tid.

Ønskjer du å klage på formelle feil ved prøven?

Formelle feil kan til dømes vere tekniske feil på prøvedagen som du meiner kan ha påverka resultatet ditt. Du må klage til prøvestaden. Klagefristen er tre veker etter at du tok prøven.

Har du tenkt å melde deg opp til ny prøve før du har fått svar?

Får du eit betre resultat frå klagebehandlinga, slik at du ikkje vil ta prøven på nytt likevel? Då må du uansett betale for prøven du har meldt deg på til.