Ledige stillinger

Vi har ei ledig stilling ved kontoret i Oslo. Vi tek ikkje imot opne søknader.

Seksjonsleiar for tilskot

Kompetanse Noreg forvaltar ein stor portefølje av tilskotsordningar. Seksjon for tilskot har ansvar for den operative tilskotsforvaltninga for alle tilskot Kompetanse Noreg administrerer. For større tilskotsordningar som Kompetansepluss arbeid og frivilligheit, og tilskot til studieforbund har seksjonen også eit særskilt ansvar for utvikling, forbetring og politikkutforming. Seksjonen har ansvar for godkjenning av tilbydarar i norskopplæringa. Totalt har Kompetanse Noreg ansvar for om lag 600 millionar kroner i tilskot, med geografisk nedslag i heile landet. Det er seks medarbeidarar i seksjonen.

Som seksjonsleiar skal du lede medarbeidarar og gje fagleg støtte og rettleiing slik at seksjonen sine oppgåver og ansvarsområde blir ivaretatt. Du må være opptatt av å sjå heilskap og samanheng og være driver for utvikling og oppgåveløysing. Du vil få:

  • personalansvar for medarbeidarane i seksjonen
  • ansvar for operativ tilskotsforvaltning av alle tilskot Kompetanse Noreg administrerer, inkludert koordinering internt med dei seksjonane som har fagleg ansvar for måloppnåing
  • fagleg ansvar for å vidareutvikle tilskotsordningane Kompetansepluss, tilskot til studieforbund og tilskot til freds- og menneskerettssenter. Dette inkluderer politikkutforming, kontakt med tilskotsmottakarar og innspel til departementet.
  • ansvar for å vidareutvikle og forbetra arbeidsprosessar knytt til tilskotsforvaltninga

Kort om stillinga

  • Heiltid
  • Fast
  • Tiltreding etter avtale
  • Arbeidsstad: Oslo
  • Søknadsfrist: 2. mai 2019

Les meir stillinga og kvalifikasjonane du må ha på jobbnorge.no