Vil lovfeste karriererettleiing for alle

Regjeringa foreslår å lovfeste at alle fylkeskommunar skal ha tilbod om karriererettleiing, som er gratis og ope for alle.

to kvinner snakker sammen ved et bord

– Vi er svært glade for at Regjeringa går inn for dette. Både unge og vaksne kan ha behov for karriererettleiing i møte med dei endringane og moglegheitene vi opplever i arbeidslivet i dag, seier Anders F. Anderssen, fungerande direktør i Kompetanse Norge.

I løpet av hausten vil det finnes karrieresenter i alle fylker, og med ei eventuell lovfesting vil dei få ein enda viktigare posisjon.

– Karrieresentera vil være sentrale i den videre utvikling av karriererettleiingstilbodet i fylka, og dei blir eit viktig verktøy når fylkeskommunane skal jobbe for god balanse mellom tilbod og etterspørsel av arbeidskraft regionalt, seier Anderssen.

Regjeringa ønsker at fylkeskommunanes karriererettleiingstilbod skal samarbeide tett med Nav og andre aktørar, slik som rådgivartenesta for elevane i grunn- og vidaregåande skole.

– Karrieresenter i mange av fylka har allereie solid erfaring med samarbeid med og kompetansestøtte for blant annet Nav, grunnopplæringa og kommunanes flyktningteneste innanfor karriererettleiing. Vi er veldig glade for at Regjeringa understrekar at dette samarbeidet skal være tett i alle fylker, seier Anderssen.

Forslaget er ute på høyring med frist 29. november.