Varslar nye krav i integreringsarbeidet

Det er store variasjonar frå kommune til kommune i korleis integreringsarbeidet blir gjennomført. Det er også store forskjellar i korleis kommunane lukkast med integreringa.

Bilde av Sylvi Listhaug og Anne Britt Djuve
Statsråd Sylvi Listhaug fekk rapporten frå Fafo-forskar Anne Britt Djuve (Foto: Espen Brynsrud)

Det viser ein rapport som forskingsleiar Anne Britt Djuve ved Fafo overleverte innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp). Saman med forskarkollegaene Hanne C. Kavli og Erika Braanen Sterri, har Djuve evaluert korleis norske kommunar oppfyller Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere.

Introduksjonsordninga har som mål at 70 prosent av deltakarane skal vere i lønna arbeid eller utdanning året etter at dei avsluttar programmet. Fasiten viser at nivået har halde seg stabilt på litt over 60 prosent dei siste fem åra.

Kva årsaker det kan vere til kommuneforskjellane er blant hovudspørsmåla i Fafo-rapporten. Lokal arbeidsløyse betyr noko, men kan ikkje forklare heile variasjonen.

– Samfunnet har ansvar

Introduksjonslova set krav om at kommunane skal tilby heildag- og heilårs introprogram til deltakarane. Men fleire enn 20 prosent av kommunane tilfredsstiller ikkje kravet om heildagsprogram. Fleire enn 15 prosent møter ikkje kravet om at introduksjonsprogrammet skal vere heilårleg.

– At ikkje alle har eit heildagsprogram, er rett og slett fortvilande. Det er den einskilde som har ansvaret for å lære språket og bli integrert, men det er samfunnet som har ansvar for å leggje til rette for at dei blir integrerte, sa statsråden.

– Det er på få andre område vi sender ut pengar utan å setje krav. Resultata står ikkje i stil til pengane vi legg inn, fortsatte Listhaug, som vil jobbe fram nye krav til kommunane i integreringsarbeidet.

– Vi trur det er rom for betring innanfor dagens verkemiddel, men også behov for nye verkemiddel, sa forskingsleiar Anne Britt Djuve. Ei av tilrådingane i Fafo-rapporten er øyremerking av pengar til integreringsarbeid i kommunane.

Ulik effekt av norskopplæring

Norskopplæringa til flyktningar er også svært ulik frå kommune til kommune, viser forskingsrapporten. Kva utdanning og aldre innvandraren har når dei kjem til Noreg er blant faktorane som påverkar kva suksess programmet har.

Anne Britt Djuve, Fafo.– Alder har stor innverknad for resultatet av norskundervisninga. Unge har mykje større sjanse til å lukkast. Det gjeld også unge menn, sa Djuve (bildet)

– Vi må snakke meir om resultat, ikkje berre talet som blir plassert i kommunane. No er det krav til kor mange timar norskundervisning innvandrarane skal få. Framover må det vere resultatet som tel, meinte Listhaug.

Suksessfaktorar

Forskarane har funne fleire suksessfaktorar for at norskundervisninga skal lukkast. Godt samarbeid og gode relasjonar mellom dei ulike offentlege instansane er viktig. Dessutan vil varierte undervisningstiltak som til dømes hurtigspor og nettundervisning hjelpe positivt. Ein tredje faktor er høg formell kompetanse hos lærarane, til dømes dei som har utdanning i norsk som andrespråk.

– Rapporten vil bli lesen og vil munne ut i heilt nye krav både til den einskilde innvandraren, til tilbodet i kommunane og til norsklærarane, sa statsråd Sylvi Listhaug.