Stipend for lærarar som underviser vaksne innvandrarar i norsk

Kompetanse Noreg lyser ut midlar til stipend for lærarar som underviser vaksne innvandrarar i norsk etter introduksjonslova og som ønskjer å ta vidareutdanning i norsk som andrespråk på høgskule/universitet. Frist for å søke stipend er 15. mars 2019.

Lærer underviser elever

Lærarar som jobbar i kommunar med integreringsmottak og kommunar i tilknyting til desse skal prioriterast. Vidare vil lærarar som ikkje har formell kompetanse i norsk som andrespråk bli prioritert.

Kompetanse Noreg ønskjer å oppnå geografisk spreiing og hjelpe til at skular som manglar lærarar med formell kompetanse i norsk som andrespråk får dette.

Det skal delast ut 110 000 kroner i stipend for 30 studiepoeng for å ta vidareutdanning i studieåret 2019/2020.

Les om korleis du kan søke stipend

Frist for å søke stipend er 15. mars 2019.