Start for prøveordning med fagopplæring i Kompetansepluss

Det har vore stor interesse for denne nye prøveordninga innanfor Kompetansepluss. Det kom inn søknadar for heile 22 millionar kroner, og Kompetanse Noreg tildeler no 10,5 millionar kroner til prosjekt som skal ta del i ordninga.

En sykepleier sitter ved siden av en eldre kvinne

Dette er fyrste gang Kompetanse Noreg støttar opplæring i grunnleggjande ferdigheiter med eit klart mål om at opplæringa skal gjere deltakarane i stand til å ta fagbrev.

– Dei mange søknadane viser at særleg næringslivet har ynskja dette. Av dei som har blitt tildelt midlar, er så mange som 84 prosent i privat sektor. Arbeidslivet har etterspurt ei slik ordning lenge, og no kan denne prøveordninga gje grunnlag for at fleire får sjansen til å ta fagbrev, seier Gina Lund, direktør i Kompetanse Noreg.

Tala viser at det blir sett i gang 34 prosjekt over heile landet i totalt 94 verksemder. Det er god spreiing i forhold til bransjar og geografisk plassering blant dei som blir tildelt midlane. Dette er verksemder innan næringane industri, bygg og anlegg, varehandel, offentleg administrasjon, og helse- og sosialtenester.

– Vi ser at hovudvekta av dei innvilga søknadane gjeld fagopplæring i bygg og anlegg, samt helse- og oppvekstfag. Dette er også dei næringane der kompetansebehova er størst, opplyser Lund.

Kompetanse Noreg er spente på å sjå korleis dette vil utvikle seg, og vil fylgje prosjekta nøye i tida framover.

– Det blir spennande å sjå korleis dei ulike prosjekta får til å kombinere opplæring som skal styrke grunnleggjande ferdigheiter og samstundes gje betre grunnlag for praksiskandidatar til å kunne ta fagbrev. Vi kjem til å evaluere ordninga og fylgje opp prosjekta for å sjå kva resultat denne prøveordninga gjev, seier Gina Lund.

Desse får tildelt midlar i prøverordninga fagopplæring i Kompetansepluss i 2018.