Stadig fleire nyttar seg av karrieresentra

Nesten 18 000 personar nytta seg av dei offentlege karrieresentera i 2017. Det er ei auke i tal brukarar på tre prosent samanlikna med 2016.

Fotografi av nokon sm får rettleiing.

Rapportering frå dei offentlege karrieresentra i 2017 viser at det er stadig fleire som nyttar seg av tilbodet. Sør-Trøndelag og Finnmark oppretta karrieresenter i 2016. Finnmark er, saman med Rogaland og Hordaland, det fylket som har hatt desidert høgast auke i tal unike brukarar samanlikna med kva dei rapporterte i fjor.

I 2018 fekk også Hedmark eit offentleg karrieresenter. No har alle fylke bortsett frå Oslo eit ope tilbod om karriererettleiing til alle over 19 år.

– Det er eit mål for Regjeringa at vaksne i alle fylke skal ha eit gratis offentleg karriererettleiingstilbod. Hedmark si etablering av karrieresenter er eit viktig skritt mot dette målet og noko vi er veldig glade for, seier Ingjerd Espolin Gaarder, seksjonsleiar i Kompetanse Noreg.

Stort utbytte

Rundt 95 prosent av brukarane er delvis eller heilt samde i at rettleiinga har bidrege til auka medvite kring eigen kompetanse og/eller gitt meir tru på framtida.

– Formålet med karriererettleiingstilbodet for vaksne er mellom anna å bidra til at fleire får auka kompetanse, at dei som står utanfor arbeidslivet kjem inn, og at dei som står i fare for å falle ut får eit sterkare band til arbeidslivet. Det er gledeleg å sjå at brukarane av karrieresentra har hatt eit utbytte som er i tråd med desse målsettingane, seier Espolin Gaarder.

Les meir og last ned faktaarket om karriererettleiing