Slik blir folk motivert til å ta fagbrev

Det viser den nye undersøkinga «Forberedt for fag» som NIFU har gjennomført. Kursdeltakarane er svært nøgde med opplæringa. Dei opplyser at dei både kjenner seg svært motivert til å ta fagbrev, og at opplæringa er relevant for arbeidsoppgåvene deira.

To kvinner står på hver sin side av en pasientseng og en kvinne spiller pasient

Undersøkinga blei gjennomført undervegs i prosjektet på oppdrag frå Kompetanse Noreg. Tala viser at mange av kursdeltakarane hadde vore lenge i same jobb, og hadde såleis nok praksis frå jobben sin til å kunna ta fagbrev som praksiskandidat. Nokre deltakarar hadde allereie eit fagbrev frå før, men omlegging i arbeidslivet eller skifte av yrke kan gjere at dei treng eit nytt fagbrev.

– Heile 90 prosent av kursdeltakarane opplyser at dei no planlegg å ta fagbrev, sjølv om nær halvparten av dei hadde ikkje tenkt på dette tidlegare. Det viser at denne prøveordninga er viktig fordi ho motiverer folk til å ta fagbrev, seier fungerande direktør Anders Fremming Anderssen.

Verksemdene er og nøgde med kursa fordi dei er relevante for verksemda og resultata er gode.

– Dei fleste verksemder trur at det blir viktigare med fagbrev i sin bransje framover for å styrke konkurranseevna. Då er det viktig å dokumentere kompetansen dei allereie har. Fleire verksemder ynskjer også å bli med på ordninga fordi dei vil støtte sine tilsette og gje dei moglegheit til å utvikle seg fagleg, seier Anderssen.

Prøveordninga stadfestar udekka behov

Prøveordninga gjev eit tilbod til dei som vanlegvis ikkje har fått så mykje tilbod om opplæring tidlegare. Deltakarane får styrka grunnlaget for å ta fagbrev når dei får kombinert opplæring i grunnleggjande ferdigheiter med fagopplæring. Undersøkinga viser at vi får prøvd ut ulike metodar i slik kombinert opplæring. Det er og eit større mangfold av tilbydarar enn vanleg i Kompetansepluss, fordi dei må ha kompetanse til å gi opplæring i faga i tillegg til grunnleggjande ferdigheiter.

– Det er veldig positivt at det er stor spreiing av fag i prøveordninga. Fleire av prosjekta er innanfor fag der det elles er få som tek fagbrev og det er stor mangel på kvalifisert arbeidskraft. Dette stadfestar at det er eit udekka behov for denne typen opplæring. Så blir det spennande å sjå kor mange som endar opp med å ta fagbrev etter at dei har vore gjennom prøveordninga, seier Anderssen.

Det er allereie klart at fagopplæring i Kompetansepluss blir ført vidare i 2020.

Les rapporten «Forberedt for fag», NIFU (pdf)