Satsar på velferdsteknologi i bransjeprogrammet

Det blir det delt ut midlar på 7,75 millionar kroner til helse- og omsorgssektoren gjennom bransjeprogrammet.

Helsefagarbeider hjelper en pasient i rullestol.
Det er eit stort behov for ny og oppdatert kompetanse i helse- og omsorgssektoren.

Det er Kompetanse Noreg som administrerer ordninga, og denne gangen er det tre ulike prosjekt ved Fagskolen i Østfold, Fagskolen i Hordaland og Fagskolen AOF Haugaland som mottek midlar.

Helse- og omsorgssektoren er ein bransje der endringar og teknologiutvikling skjer i eit høgt tempo. Bransjeprogrammet skal føre til at fleire tilsette, spesielt dei utan fagutdanning og fagarbeidarar, kan få relevante tilbod om opplæring heile livet. Det har vore ein høg prioritet å finne fleksible ordningar som kan kombinerast med jobb og familie.

– Vi ser at det er eit veksande behov for kvalifisert arbeidskraft og kompetanse innanfor helse- og omsorgssektoren. Bransjeprogrammet skal vere med på å styrke satsinga på velferdsteknologi, noko som også skal gje ein betre kvardag for både tilsette og pasientar, seier seksjonsleiar Margrethe Marstrøm Svensrud

Den auka bruken av lokaliseringsteknologi (GPS), tryggleiksalarm, elektronisk journal, nettbrett og andre digitale verktøy er døme på endringar som krev ny eller oppdatert kompetanse. I dag blir stadig fleire pasientar følgt opp heimanfrå ved hjelp av ulike  teknologiske hjelpemiddel som nettbrett, digitale behandlingar og automatiske medisinpumper. Dette sparar både sjukehusinnleggingar og store summar, men fordrar større kompetanse hos helsepersonell.

– Helse- og omsorg er ein bransje med mykje skiftarbeid. Vi har derfor vore opptekne av å få på plass korte og fleksible utdanningstilbod på ulike nivå for denne gruppa. Bransjeprogrammet har som mål å styrke samarbeidet mellom partane i arbeidslivet og utdanningstilbydarane, slik at vi får ein betre match mellom tilbod og etterspurnad når det gjeld kompetanse, opplyser Svensrud.

Totalt er det sett av 30 millionar kroner i statsbudsjettet for 2019 til to bransjeprogram for bransjar som er særleg utsett for omstilling, nemleg industri og byggjebransje, i tillegg til helse og omsorgssektoren.

– Kompetanse Noreg har ei operativ rolle der vi blant anna skal fordele 30 millionar kroner til dei ulike aktørane som skal delta i programma. Kompetanse Noreg har lenge ynskja av å få ordninga med eit offentleg finansiert tilbod på plass. Vi ynskjer også å evaluere ordninga i framtida, og er spente på å måle effekten av satsinga, fortel Svensrud. 

Meir om prosjekta som mottek midlar:

Fagskolen i Østfold mottek i samarbeid med utvalde kommunar 3,5 millionar kroner. Desse skal brukast til å utvikle 6 modular på ti studiepoeng innan klinisk observasjons- og vurderingskompetanse. Dette innanfor moglege tema som hygiene og smittevern, observasjons- og vurderingskompetanse, velferdsteknologi, digitalisering og e-helse og kvardagsrehabilitering.

Fagskolen i Hordaland får i samarbeid med utvalde kommunar 3,5 millionar kroner. Desse skal gå til utvikling av 6 moduler på ti studiepoeng. I Hordaland vil moglege tema være velferdsteknologi og mennesket, digitalisering og e-helse, velferdsteknologi i helsetenesta og empowerment/myndiggjering.

I tillegg får Fagskolen AOF Haugaland i samarbeid med utvalde kommunar 750 000 kroner til å utvikle ein modul innan palliativ omsorg.

Fakta om bransjeprogrammet:

Partane i arbeidslivet har signert ein avtale om eit felles bransjeprogram om kompetanse i industri og byggjenæringa, og i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Bransjeprogrammet skal vere eit spleiselag der staten betalar for å utvikle og drive tilboda, medan verksemdene investerer eigne ressursar og den tilsette investerer noko av fritid si for å heve kompetansen sin.

Bedrifter melder om eit aukande behov for tilsette med yrkesfagleg- og fagskuleutdanning, og bransjeprogrammet vil difor prioritere opplæring og utdanning til dei med mindre utdanning og fagarbeidarar.