Ny utlysing av prøveordning med fagopplæring i Kompetansepluss

I år lyser vi ut inntil 15 millionar kroner til prøveordninga.

Bilde av tre damer som ler.
Gilsime, Magdalena og Waraphorn gleder seg til å få opplæring gjennom Coor. Foto: Astri Pestalozzi

– Vi veit at mange ufaglærte vaksne styrkar si tilknyting til eigen jobb ved å ta eit fagbrev, men at det kan vere vanskeleg å starte på slik opplæring. No tilbyr vi støtte til opplæring i grunnleggjande ferdigheiter for nettopp denne gruppa. Dette gjer vi for å styrke vaksne si grunnkompetanse og motivasjon, slik at dei skal kunne halde fram med eit fagbrev, seier avdelingsleiar Torkel Nybakk Kvaal i Kompetanse Noreg.

I 2018 starta Kompetanse Noreg ei prøveordning for å få erfaring med å kombinere opplæring i grunnleggjande ferdigheiter med opplæring som førebur deltakarane til å ta fagbrev som praksiskandidatar. 34 søknadar fekk støtte i fjor, og desse er godt i gang med opplæringa innanfor ei rekkje ulike fagområde. No ønskjer vi fleire prosjekt for å kunne vurdere om ein slik kombinasjon gjer fleire klare for å ta fagbrev.

Mange verksemder og partane i arbeidslivet har etterspurt ei slik ordning. Denne opplæringa vil gjere fleire arbeidstakarar med erfaring frå arbeidslivet betre grunnlag for å ta fagbrev og dermed få papir på det dei kan.

Utlysning for prøveordning med fagopplæring i Kompetansepluss