Norskprøven C1 – resultat og sensorkorps

Eigne nettsider om C1-prøven er under utvikling og vil bli publisert til våren. For at planlegging fram mot innføring av eit nytt prøvenivå skal kunne kome i gang tidleg, vil vi her informere om resultat og vurdering av prøven, samt framheve moglegheit for samarbeid med andre kommunar om å arrangere prøven.

To menn sitter ved siden av hverandre bak en pult og følger med på noe. Den ene holder papir i den ene hånda.
Foto: Terje Heiestad for Kompetanse Noreg

Resultat på prøven

Moglege resultat på prøven vil vere C1 eller Ikkje bestått.

Den nye prøven er delt inn i to delprøvar:

  • Delprøve i lytteforståing og skriftleg framstilling
  • Delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon

Kvar delprøve er uavhengig, og kandidatar kan velje å melde seg opp til éin eller begge delprøvar.

Moglege resultat på delprøvane vil vere C1 eller Ikkje bestått.

På grunn av at kvar delprøve inneheld integrerte oppgåver som måler to ferdigheiter saman, vil ein ikkje få resultat på kvar ferdigheit, men eitt resultat per delprøve. På prøvebeviset vil resultat frå delprøvene på nivå C1 få eit eige felt, slik at dette blir gjort tydeleg.

Lydopptak og sentralisert sensorkorps

Den munnlege delen av prøven vil bli vurdert av eit sentralisert sensorkorps via lydopptak. På delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon vil det bli nytta lokal eksaminator, men det vil ikkje vere lokale sensorar. Det vil bli gjort lydopptak av eksaminasjonen, og dette opptaket blir vurdert av sensorar i eit sentralisert sensorkorps. Sensorkorpset vil vere ei gruppe sensorar rekruttert og kursa av Kompetanse Noreg.

Det er fleire grunnar for å innføre lydopptak på den munnlege delen av denne delprøven. På grunn av at prøven inneheld integrerte oppgåver, vil kandidatane på desse oppgåvene bli vurdert både på språk og innhald. Då er det ein fordel at sensor har moglegheit for å høyre eksaminasjonen om att.

Nokre prøvestader har erfaring med og vurderingskompetanse på C1-nivået, men dette gjeld ikkje alle. Det vil òg vere slik at det på enkelte stader ikkje vil vere kandidatar oppe til prøve på dette nivået kvar gong. Lydopptak og eit sentralisert sensorkorps vil gjere at sensorar på denne prøven får god opplæring og jamleg vurderingserfaring. Det sikrar òg at prøven vert tilgjengeleg i heile landet, og ikkje berre på nokre få stader.

Samarbeid med andre kommunar

At prøven skal vere tilgjengeleg for kandidatar i heile landet, tyder ikkje at kvar prøvestad må arrangere prøven på nivå C1 sjølve. På grunn av at ein forventar færre kandidatar på denne prøven enn på dei andre nivåa, vil det for ein del prøvestader vere ei god løysing å inngå samarbeid med andre kommunar om å arrangere prøven. Sjå prøvereglementet punkt 2.1 for meir informasjon om dette.

Framdrift

Meir informasjon til kandidatane og lærarane om C1-prøven vil kome i slutten av mars 2020, og sjølve prøvegjennomføringa blir truleg hausten 2020. Det vil kome nærare informasjon til prøvestadene om eksaminators rolle, opptak og sensorkorps i god tid før første avvikling.