No får hordalendingane meir karrierehjelp

Skal du henge med i framtidas arbeidsliv må du vere både fleksibel og lærevillig. Karriererettleiing er eit viktig verkemiddel her. No får karriererettleiinga i Hordaland eit skikkeleg lyft.

Kompetanse Norge-direktør Gina Lund og Kjell Helge Kleppestø, som leier Karriere Hordaland.
Kompetanse Norge-direktør Gina Lund og Kjell Helge Kleppestø, som leier Karriere Hordaland. (FOTO: Espen Brynsrud)

1. oktober gjekk startskotet for to nye karrieresenter i Hordaland, eit i fylkeshuset i Bergen sentrum og eit i Knarvik i Nordhordland. Det fylkeskommunale karrieresenteret i Bergen skal ha overordna ansvar for det offentlege karriereletteleiingstilbodet for vaksne i fylket.

– Med tanke på de spesielle utfordringene Hordaland har hatt med stor arbeidsløshet er vi i Kompetanse Norge veldig glade for at hordalendingene nå får et bedre og utvidet tilbud om kvalifisert hjelp, sier Kompetanse Norge-direktør Gina Lund.

Prøveordning med gode erfaringar

Kompetanse Norge-direktør Gina Lund og Kjell Helge Kleppestø, som leier Karriere Hordaland.Til no har fylket berre hatt eitt karrieresenter som ei prøveordning, Karriere Sunnhordland på Stord. Erfaringane frå Sunnhordland er svært gode og arbeidet er trekt fram i Kompetanse Noreg sitt arbeid med å lage eit nasjonalt nettverk av offentlege karrieresenter. Karrieresenteret på Leirvik (eller Vikjo som det heiter på Stord) skal ikkje lenger vere ein test, men skal over i ordinær drift. Senter for Yrkesrettleiing endrar samtidig namn til Karriere Hordaland.

– Tilbod om gratis karriererettleiing skal vere eit viktig tiltak som hjelp for hordalendingar i omstilling. Arbeidsmarknaden er framleis utfordrande for mange, seier Kjell Helge Kleppestø, som leier Karriere Hordaland.

Inn i den regionale planen

Tysdag 3. oktober vedtek fylkestinget i Hordaland regional plan for kompetanse og arbeidskraft. Eit hovudmål her er å gi hordalendingane tilstrekkeleg tilgang til profesjonell, offentleg og gratis karriererettleiing.

Karrieresenterane i fylka landet rundt er eit tilbod til alle vaksne over 19 år. Karriererettleiing er viktig for å ruste elevar og arbeidstakarar for ein arbeidsmarknad i kontinuerleg endring.

Kjenner jobbmarknaden

– Karriererettleiarar har god kunnskap om jobbmarknaden og utdanningsmoglegheitene i regionen. Dei hjelper deg til å ta betre utdannings- og karriereval, i tillegg til å gi støtte og tips om søknadsskriving, cv og jobbintervju, seier Kleppestø.