Nær 10 000 vaksne deltok i grunnopplæringa i fjor

9 807 vaksne deltok i ordinær grunnskuleopplæring skuleåret 2017/18. Det er fleire enn nokon gong.

Fire kvinner sitter i et klasserom

Den store auka i talet på deltakarar dei siste åra heng saman med innvandringa i 2015. Nesten alle deltakarane er minoritetsspråklege. I 2017/18 var 97 prosent minoritetsspråklege, og delen har auka dei siste åra.

Rundt halvparten av deltakarane er under 25 år. Dei to siste åra har det vore overvekt av mannlege deltakarar, medan det tidlegare alltid har vore ei overvekt av kvinner.

Figur 1: Deltakarar i grunnskuleopplæring for vaksne totalt, i ordinær grunnskuleopplæring og i spesialundervisning, per skuleår. 2002/03-2017/18. Tal frå Utdanningsdirektoratet (GSI)

Figur 1: Deltakarar i grunnskuleopplæring for vaksne totalt, i ordinær grunnskuleopplæring og i spesialundervisning, per skuleår. 2002/03-2017/18. Kilde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Til saman var det 13 346 vaksne som fekk grunnskuleopplæring for vaksne i 2017/18 inkludert 3 339 som fekk spesialundervisning. Talet på deltakarar i spesialundervisninga er halvert sidan 2002/03.

Stadig fleire kommunar

Det er kommunane som har ansvaret for både ordinær grunnskuleopplæring og for spesialundervisninga. Skuleåret 2017/18 har 364 kommunar vaksne innbyggarar i grunnskoleopplæring, og dette er ti fleire enn året før. Til saman 282 av kommunane gjennomfører grunnskuleopplæring i eigen kommune og av desse er det 212 som har ordinær undervisning og 200 som har spesialundervisning.

Figur 2: Tal kommunar med vaksne i grunnskuleopplæring. 2010/11-2017/18. Tal frå Utdanningsdirektoratet (GSI)

Figur 2: Tal kommunar med vaksne i grunnskuleopplæring. 2010/11-2017/18. Kilde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Fleire tal om vaksne i grunnskoleopplæring finn du i statistikkbanken.