Meir enn 50 prosent valde prøve på norsk

Samfunnskunnskapsprøva finnast på over 30 språk. Det var likevel ei stor auke i talet på vaksne innvandrarar som valde å ta prøva på norsk i 2018.

To elever leser sammen i klasserommet.
Det var ei stor auke i talet på vaksne innvandrarar som valde å ta samfunnskunnskapsprøva på norsk i 2018 (foto: Bård Gudim)

– Kunnskapar om norsk språk og om norsk arbeids- og samfunnsliv er avgjerande for å få innpass i arbeidslivet og bli integrert i Noreg, seier direktør Gina Lund i Kompetanse Noreg, direktoratet for kompetansepolitikk.

I 2018 var det 17 629 kandidatar som tok prøva i samfunnskunnskap. På landsbasis var det 84 prosent av kandidatane som klarte prøva. Dette er ei auke frå 2017 der 79 prosent bestod. Regjeringa sitt mål er at 90 prosent av deltakarane skal bestå.

Permanent opphald eller statsborgarskap

For å få permanent opphaldsløyve i Noreg, må kandidaten gjennomføre og bestå samfunnskunnskapsprøva på sitt eige morsmål. For å få innvilga norsk statsborgarskap må prøva i samfunnskunnskap vere gjennomført og bestått på norsk. Statsborgarprøva blei lansert fyrste gang i 2017. Dei som søkjer norsk statsborgarskap kan ta denne prøva som erstatning for samfunnskunnskapsprøva på norsk.

Fleire tek prøva på norsk

Talet på dei som tok samfunnskunnskapsprøva på norsk, har gått opp frå 11 prosent i 2016 til heile 56 prosent i 2018.

Prøva kan gjennomførast etter opplæring i 50 timar samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Intensjonen med opplæringa er at innvandrarar skal få innføring i norske samfunnsforhold kort tid etter at dei kjem til Noreg. Derfor skal ein ha både opplæring og prøve på ei rekke språk. I dag blir prøva tilbydd på 30 språk, i tillegg kan kandidatane også ta prøva på andre språk ved hjelp av tolk.

– Med innføring av Statsborgarprøva eller bestått prøve i samfunnskunnskap på norsk for å oppnå statsborgarskap, ser vi at stadig fleire vel å vente med å ta samfunnskunnskapsprøva, og då ta ho på norsk, seier Lund.

Samfunnskunnskapsprøva inneheld 38 spørsmål, og minst 29 av spørsmåla må ha riktig svar for å få bestått. Det tek omlag 60 minutt å gjennomføre prøva.

Enkelte har avlagt prøva meir enn éin gang, og dei tek ho gjerne på sitt eige språk før dei tek ho på norsk. Det er stor variasjon i talet beståtte prøver på dei ulike språka og mellom kommunane.

Resultat på samfunnskunnskapsprøva i 2018 fordelt på fylke

FylkeTal kandidatarProsentdel beståttProsentdel stryk
Akershus

1 683

85 %

15 %

Aust-Agder

498

89 %

11 %

Buskerud

855

84 %

16 %

Finnmark

335

84 %

16 %

Hedmark

596

80 %

20 %

Hordaland

1 389

88 %

12 %

Møre og Romsdal

902

86 %

14 %

Nordland

1 289

76 %

24 %

Oppland

641

76 %

24 %

Oslo

2 146

89 %

11 %

Rogaland

1 557

84 %

16 %

Sogn og Fjordane

463

81 %

19 %

Telemark

647

80 %

20 %

Troms

666

87 %

13 %

Trøndelag

1 870

86 %

14 %

Vest-Agder

678

79 %

21 %

Vestfold

738

86 %

14 %

Østfold

676

89 %

11 %

Heile landet

17 629

84 %

16 %

 

Meir informasjon: