Kvalitetsrammer gir betre karriererettleiing

Kompetanse Norge er i gong med å utvikle eit nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing. Du kan følge arbeidet og spele inn undervegs.

Alle prosjektdeltakerne samlet
Alle arbeidsgruppene samlet.

– Karriererettleiing blir stadig viktigare i eit arbeidsliv som endrar seg raskare enn før. Då treng vi ei felles forståing av kva som er gode karrieretenester, seier Ingjerd Espolin Gaarder, seksjonsleiar i Kompetanse Noreg.

Rammeverket skal medverke til at folk får karriererettleiingstenester av høg kvalitet, anten det er i skulen, hos Nav, hos ei arbeids- og inkluderingsverksemd, i introduksjonsordninga for flyktningar, eller ved eit karrieresenter. Kompetanse Noreg leiar utviklinga av rammeverket på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

Fire år

Prosjektet skal gå i fire år. Det første året skal arbeidsgrupper med deltakarar frå heile feltet lage faglege tilrådingar om:

  • Kompetansestandardar – profesjonell karriererettleiing
  • Karrierekompetanse – læringsutbytte av karriererettleiing
  • Etikk - prinsipp og retningsliner for god praksis

Eit fjerde tema, Kvalitetssikring - kvalitetsindikatorar, evaluering, statistikk og forsking, skal Kompetanse Noreg fyrst reie ut internt. 

Du kan lese meir om dei ulike områda på prosjektnettsida. Her finn du korte, informative tekster, lengre fagtekster og bilete og småfilmar frå arbeidet med rammeverket.

Ønsker innspel

Alle relevante aktørar vil få høve til å komme med innspel etter at arbeidsgruppene har gjeve tilrådingane sine, men du kan også når som helst sende oss innspela dine via prosjektnettsida.