Kan språkpraksis teljast som norsktimar?

IMDi og Kompetanse Noreg har bedt Justis- og beredskapsdepartementet om ei presisering av om språkpraksis kan inngå som ein del av opplæringa i norsk og samfunnskunnskap og bli tald som norsktimar.

Kvinne i bakeklær baker boller

I svaret sitt presiserer departementet kva føresetnader som må vere oppfylte for at språkpraksis skal kunne telje med i dei timane med norskopplæring den einskilde har rett og plikt til å delta i.

Departementet vil sjå nærmare på kor stor del av den pliktige opplæringa som kan vere språkpraksis ved ein eventuell gjennomgang av regelverket.

Per i dag er det opp til kommunen å vurdere om deltakaren skal ha språkpraksis, og kor mange timar som skal telje som norskopplæring. IMDi og Kompetanse Noreg tilrår at dette blir grunngitt i den individuelle planen for norskopplæringa til deltakaren.

Les svaret frå departementet (pdf)