Fleire deltek på kurs hos studieforbunda

Over 522 000 deltakarar var på kurs i regi av studieforbunda i 2017. Ein fjerdedel av deltakarane var over 60 år.

eldre kvinne som maler med staffeli

Det er ei auke i interessa for studieforbundskurs samanlikna med tidlegare år. Men vi kan ikkje sei kor stor del av befolkninga som deltek på kurs, då ein og same person kan ta fleire kurs, og dermed bli registrert fleire gonger.

Musikkfag mest populært

Studieforbunda arrangerte 44 500 kurs i 2017. Ein fjerdedel av kursa var innan musikk, etterfølgt av helse-, sosial- og idrettsfag. Opplæringsaktiviteten var størst i Studieforbundet Folkeuniversitetet.

En fjerdedel av kursdeltakarane var 60 år eller eldre. Særleg var delen deltakarar i denne aldersgruppa høg på kurs i estetiske fag og handverksfag utanom musikk, økonomi og ikt-fag og helse-, sosial- og idrettsfag. På kurs i humanistiske fag, trus- og livssynsfag var nesten halvparten av deltakarene mellom 14 og 19 år.

Les meir om opplæringsaktiviteten til studieforbunda i statistikkbanken