EU-program gir nye moglegheiter for vaksenopplæringa

Eit nytt EU-program skal styrkje samarbeid mellom organisasjonar som jobbar med vaksenopplæring. Programmet erstattar EU sitt program for livslang læring (LLP).

Logoen til Europakommisjonen, blått flagg med en sirkel med stjerner og vannrette linjer som kommmer mot flagget

Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, ungdom og sport 2014–2020. Erasmus+ slår saman ei rekkje tidlegare utdannings- og opplæringsprogram (Comenius, Leonardo, Erasmus, Grundtvig, osv.) og EU sitt tidlegare ungdomsprogram Aktiv Ungdom. I tillegg tilbyr Erasmus+ nye tiltak, også innanfor vaksenopplæringa.

Hovudtiltak

Det nye programmet vil gi fleire moglegheiter i utlandet for studentar, lærarar, forskarar og administrativt personell innanfor alle sektorar. Aktivitetane er konsentrerte rundt tre ulike hovudområde, kalla «Key Actions»:

  • internasjonal mobilitet
  • strategiske partnarskap
  • støtte til politikkutforming

Aktuelle tiltak for vaksenopplæringa

Innanfor dei tre hovudtiltaka i Erasmus+ er særleg mobilitet og partnarskap aktuelle for vaksenopplæringa.

Tilsette ved undervisnings- og opplæringsorganisasjonar får moglegheit til å undervise i ein partnerorganisasjon, delta på etterutdanningskurs i utlandet eller hospitere ved ein annan europeisk vaksenopplæringsinstitusjon.

Strategiske partnarskap skal støtte faglege samarbeid mellom organisasjonar som jobbar med vaksenopplæring. Formålet med samarbeida er å utvikle og overføre nyskapande praksis som skal gi økt kvalitet i vaksenopplæringa på tvers av landegrensene. Ein partnarskap må bestå av minimum tre organisasjonar frå tre programland. EU-landa, EØS-landa, Sveits, Makedonia og Tyrkia er alle med i den nye programordninga.

Søknadsprosedyren er endra og enkelindivid har ikkje lenger moglegheit til å søkje direkte på midlar. I det nye programmet må søknadar sendast frå ein organisasjon eller ei gruppe organisasjonar. SIU lover eit forenkla søknadsskjema og enklare prosedyre.

Les meir på SIU sine nettsider om kva moglegheiter det nye programmet vil gi for vaksenopplæringa.

40 prosent budsjettøking

Erasmus + får eit budsjett på 14,7 milliardar euro fordelt over sju år. Totalbudsjettet er ein auke på rundt 40 prosent og tal personar som årlege får støtte skal doblast fram mot 2020.

Budsjettet si rammefordeling:

  • 77,5 prosent til utdanning og opplæring
  • 10 prosent til ungdom
  • 1,8 prosent til sport
  • 3,5 prosent til ei europeisk lånegarantiordning

Last ned Erasmus+ programguide

Europakommisjonen sine sider om Erasmus+

Erasmus+ byggjer på EU sin strategi Europe 2020