Endringar i introduksjonslova

Forslag til endringar i lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrarar (introduksjonslova) er sende på høyring frå Justis- og beredskapsdepartementet. Høyringsfrist er 15. september 2017.

Norges lover foran Stortinget

Forslaga er blant anna oppfølging av tiltak som blei foreslått i «Meld. St. 16 (2015-2016) Frå utanforskap til ny sjanse. Samordna innsats for voksne si læring» og Meld. St. 30 (2015-2016) «Frå mottak til arbeidsliv - ein effektiv integreringspolitikk».

Forslaget omfattar også endringar i føresegna i introduksjonslova som regulerer behandling av personopplysningar.

Høyringa finn du på departementet sine sider

Høyringsbrevet er sendt alle kommunar, fylkeskommunar, fylkesmannsembete, departement, direktorat og ei rekkje organisasjonar. Kompetanse Noreg er ein av høyringsinstansane.

Høyringsfristen er 15. september 2017.

Endringar statsborgarlova

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt ut høyring med forslag til endringar i statsborgarlova og statsborgarforskrifta. Formålet med forslaga er å stramme inn vilkåra for norsk statsborgarskap.

Høyringa finn du på departementet sine sider – frist 16. oktober.