Endringar i introduksjonslova frå nyttår

Med verknad frå 1. januar 2017 er § 12 i introduksjonslova endra. Paragrafen handlar om samordning av introduksjonsstønaden med andre offentlege ytingar.

Løvestatuen foran Stortinget

I eit brev frå Justis- og Beredskapsdepartementet til alle kommunane i landet orienterer departementet om endringane.

– Introduksjonslova § 12 andre ledd er opphevet med virkning f.o.m. 1. januar 2017, skriv departementet i brevet.

Det inneber at kommunen ikkje lenger mottek tiltakspengar frå Arbeids- og velferdsetaten for deltakarar i introduksjonsprogram som deltek på arbeidsmarknadstiltak som utløyser tiltakspengar.

 «Introduksjonsstønaden blir redusert i den utstrekninga vedkomande har rett til dagpengar under arbeidsløyse, sjukepengar eller foreldrepengar, og retten til desse ytingane er opparbeidd før vedkomande starta i eit introduksjonsprogram. Stønaden blir redusert tilsvarande for uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar vedkomande mottek.», står det i introduksjonslova § 12.

Den einskilde deltakaren skal framleis motta introduksjonsstønad frå kommunen, slik det står i introduksjonslova §§ 8 til 11.