Den nye C1-prøven får namnet «Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå»

Namnet «Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå» er for å markerer eit skilje, både i innhald, oppbygging og vurdering frå dei andre prøvenivåa (A1–B2), som heiter «norskprøven», uansett nivå.

To kvinner i et klasserom
  1. Å bruke «Norskprøven» i namnet knyter prøven til resten av prøvetilbodet frå Kompetanse Noreg.
  2. «C1» viser nivået på prøven og gir samstundes eit signal om eit brot med dei andre norskprøvane på lågare nivå, som anten er adaptive eller som måler på fleire nivå.
  3. «Høgare akademisk nivå» fortel noko om type innhald og vanskegrad, samstundes som det gir informasjon om at prøven er på eit endå høgare ferdigheitsnivå enn det som i dag er opptakskrav til høgare utdanning (B2).

Både arbeidsgjevarar og kandidatar vil ha nytte av at namnet på prøven seier noko om kva type språkhandlingar som står i fokus på prøven og kva vanskegrad prøven har.

Dette for å forhindre at kandidatar melder seg opp til for høgt nivå og at dei som vel å melde seg opp er betre førebudde på det høge nivået på prøven. Namnet vil òg kunne gje viktig informasjon til arbeidsgjevarar og samfunnet elles om nivå C1, og kva som krevst for å klare prøven. Vi håpar namnet såleis kan bidra til å forhindre at arbeidsgjevarar med lite kjennskap til nivåa set unødig høge krav for tilsetjing.

Det er viktig å påpeike at prøven ikkje berre er aktuell for dei som skal studere eller arbeide i akademia. Prøven er aktuell for alle som har kome svært langt i språkinnlæringa og ønskjer å dokumentere dette, og for å søkje jobbar i ulike sektorar der det vert stilt svært høge krav til språkferdigheiter.

Status læreplan C1:
Forslaget til læreplan vart sendt på høyring desember 2018 med frist 20. mars 2019. Høyringsnotat og høyringsutsegn finn du her. Oppsummering av høyringsutsegn og justert forslag til læreplan vart oversendt Kunnskapsdepartementet i september og er til vurdering.