Arbeidslivet treng fleire faglærte

Behovet for tilsette med yrkesfagleg vidaregåande, fagskule og høgare utdanning aukar i både offentleg og privat sektor. Det viser nye tal frå Kompetanse Noreg.

Bilde av ein mann som jobbar på Mekonomen
Foto: Marianne Wennesland/Kompetanse Norge.

Sidan 2016 har Kompetanse Noreg spurt private og offentlege verksemder kva behov dei har for ulike utdanningsnivå. Verksemdsbarometeret for 2018 viser at etterspurnaden etter tilsette med vidaregåande yrkesfag, fagskule og høgskule eller universitet aukar, medan behovet for tilsette med grunnskule og vidaregåande allmennfag held seg konstant.

Behovet for fagskule og høgare utdanning har auka med ni prosentpoeng i offentleg sektor frå i fjor. I privat sektor har behovet for høgare utdanning auka med fem prosentpoeng.

Behovet for tilsette med yrkesfagleg vidaregåande har auka med tre prosentpoeng, frå 52 til 55 prosent av verksemdene som seier dei ikkje har den kompetansen dei treng.

Svak nedgang i kompetansebehovet

37 prosent av respondentane i årets undersøking svara at dei i nokon eller stor grad ikkje har dekt kompetansebehovet i verksemda. Dette er tre prosentpoeng lågare enn i fjor, men høgare enn i 2016, då 34 prosent av verksemdene hadde eit udekt kompetansebehov.

Les meir og last ned notat om Verksemdsbarometeret 2018