81 prosent klarte Statsborgerprøven i 2019

Resultata for heile landet viser at 81 prosent av kandidatane bestod Statsborgerprøven i 2019.

Fem personer sitter i et klasserom hvor bordene er satt opp i hestesko. En kvinne i stripete genser er i fokus
Foto: Bård Gudim for Kompetanse Norge

I løpet av fjoråret var det totalt 6 244 personar som tok Statsborgerprøven. Nokre personar har teke prøva meir enn éin gang, og det er variasjonar i resultata mellom fylka og kommunane (sjå tabell).

– Resultata på landsbasis held seg jamt over gode, seier Sveinung Skule, direktør i Kompetanse Norge. Kompetanse Norge utviklar prøva på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

Digital kunnskapsprøve

Stortinget har bestemt at Statsborgerprøven er ei kunnskapsprøve som tek utgangspunkt i læreplanen for opplæring i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Prøva måler ikkje graden av integrering hos kandidatane.

Statsborgerprøven er digital og varer i 60 minutt. Kandidatane kan også få spørsmåla lest opp ved hjelp av ei lydfil. Prøva inneheld 32 oppgåver, og ein må svare riktig på 24 av spørsmåla for å få bestått.

For å få norsk statsborgarskap blei det frå 1. januar 2017 innført eit krav om å bestå ei prøve i samfunnskunnskap på norsk, eller å ta Statsborgerprøven på bokmål eller nynorsk. 98,5 prosent av kandidatane tok prøva på bokmål i 2019.

Resultata på Statsborgerprøven i 2019 fordelt på fylke

Fylke
 
Tal kandidatarProsentdel beståttProsentdel ikkje bestått

Akershus

618

84 %

16 %

Aust-Agder

93

77 %

23 %

Buskerud

448

84 %

16 %

Finnmark

150

80 %

20 %

Hedmark

167

80 %

20 %

Hordaland

447

85 %

15 %

Møre og Romsdal

296

80 %

20 %

Nordland

275

73 %

27 %

Oppland

195

81 %

19 %

Oslo

1144

83 %

17 %

Rogaland

717

83 %

17 %

Sogn og Fjordane

123

69 %

31 %

Telemark

260

75 %

25 %

Troms

202

80 %

20 %

Trøndelag

372

80 %

20 %

Vest-Agder

180

71 %

29 %

Vestfold

150

73 %

27 %

Østfold

407

82 %

18 %

Hele landet

6 244

81 %

19 %

Meir informasjon

  • Pris på prøva blir bestemt av dei kommunale prøvestadane, men er basert på sjølvkostprinsippet. Prisen for å ta prøva finn ein ved å gå inn på privatistportalen.
  • For å førebu seg til prøva, finn kandidatane tekstar og filmar som dekker pensum til Statsborgerprøven (og samfunnskunnskapsprøva) på samfunnskunnskap.no. Dei kan også øve seg ved å ta eksempeloppgåvene til Statsborgerprøven.
  • UDI: Krav til norsk statsborgarskap, på UDIs nettsider.